Styret i FolkOrg har vedteke at Årbøker blir delte ut til alle medlemmer som ønskjer det på årsmøtet på Røros, på Landskappleiken i Seljord og på Landsfestivalen på Oppdal. Dette for å spare portoutgifter.
I tillegg kjem vi til å dele ut Årboka på arrangement der ein eller fleire frå FolkOrg-administrasjonen er til stades, til dømes på konsertar på Riksscenen.
Dei som ikkje har høve til å kome på årsmøtet, Landskappleiken eller Landsfestivalen, skal sjølvsagt også få Årboka. Vi bed om forståing for at vi byrjar utsending av årbøker etter Landskappleiken, slik at vi får delt ut flest mogleg bøker utan portoutgifter.
Om du er ein av dei som altså ikkje kjem på årsmøtet eller Landskappleiken i år, og som difor ønskjer å få Årboka sendt i posten, skriv anten til oss på e-post og merk tittelfeltet med ”Årbok”, send oss eit brev eller ring oss. Årboka kjem då altså i posten i byrjinga av juli.
E-post:
post@folkemusikk.no
Postadresse:
FolkOrg
Postboks 4613 Sofienberg
0506 Oslo
Telefon:
22 00 56 90
NB! Det vert lansering av Årboka på Riksscenen i Oslo 28. april i samband med konsertserien Folk på torsdag. Musikkskribent og kritikar Ida Habbestad vil ha ei samtale om komponering og framføring av ny folkemusikk med kveldens artist, den kanadiske felespelaren Patti Lamoreux, og felespelar Britt Pernille Frøholm.