Nysatsninga i år er eit kurs som har fått namnet ”Folkemusikk i perspektiv”. Dette er eit kurs for dei eldste spel-elevane, frå 16-24år, som har spelt lenge og har blitt erfarne på sitt instrument og ynskjer eit breiare perspektiv.
Eigen konsert
Kurset vil vere teori- og samtalebasert, og leggje vekt på erfaringsoverføring frå erfarne musikarar til unge folkemusikkutøvarar. Det vil også vere høve til å få instruksjon frå nokre av dei beste folkemusikarane i landet. Blant anna vil John Ole Morken vere mentor for desse elevane gjennom veka.
Elevane på dette kurset vil også få ansvaret for å planleggje og gjennomføre ein konsert på Jørn Hilme-stemnet. Konserten har fått namnet ”Draum” og går føre seg på Valdres Folkemuseum torsdag 28.juli kl.19.00.
- På dette kurset ynskjer me på ulike instrument slik at dei også kan utveksle erfaringar på tvers av instrumenta, seier dagleg leiar for Strunkeveko, Ina Solvin.
Variert kurstilbod
I tillegg til det nye kurset held arrangørane fram med alle dei kjente og kjære kursa ein har blitt vandt til å finne på Strunkeveko. Det blir også i år instrumentkurs i fele, hardingfele, toradar, trekkspel og langeleik. Kursa i song, dans med vekt på halling, dans og uttrykk, samspel og folkedansteater finn ein også att.
Strunkeveko går føre seg frå 24. til 29. juli 2011, og skjer parallelt med Jørn Hilme-stemnet. Påmeldingsskjema og meir informasjon finn ein på nettsida www.strunkeveko.no.