Av Agnes Buen Garnås
Eg vil få gratulere Havresekk-gutane med Trollprisen!
Midt oppi eigne internett-sider, og eigne scener, og eigne blad, og eigne hus, og alt anna som tyder på "sekt" - er det befriande med dykk to som gjer som Kjeringa mot straumen!
De åpnar øyra til mange for annan musikk og kunstuttrykk med å gjere som de gjer - det er eg brennsikker på! Og ingen likar vel berre e i n slags musikk heller - så kvifor ikkje la folk spele etter kvarandre - i staden for å blande til ei kvar tid?
Eg har ein kalender på bordet, som eg kvar morgon gler meg til å ta opp og sjå på. Den har eit nytt blad - med ein stutt-tekst - sitat frå personar ein veit kven er for det meste - og med foto på hi sida.
På mange av dei sidene har Eivind Kaasin foto. Andre Vinjebyggar er han samarbeidande med i kalenderen.
Dei syner same kreativitet som Asgaut - han som kan både danse og kveda..
At de og alltid gjer like mykje "krus" på alle, er vertskapelege og hyggelege, gir sjølvsagt lyst og speleglede til dei som er på scenane.
Til lukke vidare med desse motstraums-prosjekta dykkar!
- Helsing Agnes Buen Garnås
Neste utgåve av Havresekken, Havresekken # 12, er alt på sundag. Tilskipinga er lagt til Trollvannstua i Lillomarka, og tek til klokka 17, 9. oktober. Interesserte kan lese meir på www.havresekken.no.