Til landskappleiken i år har FolkOrg fått eit eineståande tilbod om å dele ut store pengepremiar til lovande unge musikarar og songarar.  Dette kjem frå Knut Fures musikkfond som i fem år framover skal dele ut prisar til unge folkemusikarar på landskappleiken. 

Hovudpris på 50 000,-
Under Landskappleiken skal det delast ut ein hovudpris på kr 50.000 til ein deltakar under 25 år uansett klasse. Domarane skal nominere opptil 6 deltakar til ein finale. Vinnaren får og eigen konsert under Folkelarm til hausten.

- Dette er ein fantastisk sjanse for unge musikarar til å vise seg fram , og eg håpar no at alle som vil opp og fram med spelet og songen sin nyttar sjansen og melder seg på årets kappleik, seier Høgetveit Berg.

Fleire premiar i C-klassane
I juniorklassane vert det delt ut 10.000 kroner i premie til vinnarane, dersom domarane meiner dei gjer det  særskilt godt eller syner spesielle talent.  For musikarar og kvedarar er det Fure-stiftinga som gjev prisane. FolkOrg set sjølv opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans.

Hugs å meld deg på
Om du ynskjer å vera med å kjempe om dei ulike pengepremiane under Landskappleiken må du hugse å melde deg på Landskappleiken, for påmeldingsfristen nærmar seg. Fristen for påmelding er 30. mai.


NB: Det er ikkje ei eiga påmelding for Fureprisen. Når du melder deg på Landskappleiken er du automatisk ein kandidat til Fureprisen. Alt du treng er difor å melde deg på Landskappleiken.


Meld deg på Landskappleiken her:   www.paamelding.folkemusikk.no


Om Fureprisen
Furestiftinga står bak premiane til musikk, og Fure-prisen på 50 000,-. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.