Det var knytt stor spenning til kor stort overskotet etter Landskappleiken 2011 ville bli. Stor jubel og kraftig applaus av dei frammøtte på dugnadsfesten i idrettshallen på Granvin etterfølgde kunngjeringa om overskotet.

God økonomistyring der lågare utgifter og høgare sponsorinntekter enn budsjettert er årsak. Ikkje minst har det vore ein utruleg dugnadsinnsats frå nær 500 dugnadsfolk – noko som var avgjerande for det store overskotet.

Seljord spelemannslag er overvelda og svært takksame for all den ubetalte innsatsen som dugnadsfolka la ned før, under og etter landskappleiken. Dei største sponsorane til landskappleiken i Seljord 2011 var Seljord kommune, Telemark fylkeskommune, Seljord sparebank, Vest-Telemark kraftlag og svært mykje av næringslivet i Seljord og omegn.

Til å forvalte overskotet frå kappleiken, skal Seljord spelemannslag saman med Seljord og Kviteseid leikarring og Barneleikarringen Tusseleiken velje ei nemnd til denne viktige oppgåva.  

Idrettshallen på Granvin var pynta til fest og dekka til middag for 150 personar. Under middagen fekk hovudnemnda og undernemndene gåver og velfortent takk frå styret i Seljord spelemannslag ved styreleiar Hæge Manheim.

Etter middagen var det hyggjeleg samkome i gamlesalen og foajeen der dei frammøtte kunne danse til god og variert musikk. Seinare på kvelden fekk dei servert flotte marsipankaker – også dei inspirert av Landskappleiken. Kakene var dekorert med den vakre logoen som Borghild Telnes laga til kappleiken og som har gått att i alt av marknadsføringsmateriell i samband med Landskappleiken 2011.   

På denne sida hos FolkOrg finn du ei mengd saker om Landskappleiken i Seljord. Det er FolkOrg som eig Landskappleiken, og som kvart  samarbeider med ein lokal arrangør - gjerne eit av dei lokale laga i borganisasjonen. Seljord sine eigne sider fra Landskappleiken 2011 finn du her.