FolkOrg ynskjer å presentere dei økonomiske resultata til Landsfestivalen og Landskappleiken i perioda 1986-2011. Landskappleiken har på desse åra gått med eit samla overskot på nærare 7,8 millionar - og Landsfestivalen har eit samla overskot på 7,9 millionar kroner.

Snitt per arrangement vert om lag 300 000 kroner i overskot. NM i Folkemusikk på Geilo i 2009 er teken med under begge figurane. Tabellen er ikkje regulert for kroneindeksen.

I det fyrste Folkemusikkbladet over jol vil det koma intervju med nokre av arrangørane som har gått i overskot med eit blikk på kva som førte til overskotet, og kva laget har nytta overskotet til.

Me vil og intervjua arrangement som har gått i underskot med fokus på kva som skulle ha vore gjort annleis, og korleis laget har takla underskotet i ettertid.

FolkOrg byrjar no å få skriftlege innspel på høyringsrapporten med frist 15. desember. Dette kan du lese meir om på denne sida, der du óg finn rapporten og høyringsteksten. Du kan elles ta del i debatten på denne sida hos Facebook.