SATSING: Skulekonsertar, kurs og ikkje minst framsyningar der borna medverkar, er mellom arrangementa som er skipa til for å mobilisera ung interesse for feltet. Bak prosjektet, som går over tre år, står Bykle, Valle og Bygland kommunar, Setesdal regionråd, Aust-Agder fylkeskommune og Setesdal spelemannslag.

- Prosjektleiar Trond Mikkelsen, korleis tenkjer de når de vel tiltak?

-Oppgåva er å få unge interesserte i å oppleva folkemusikk over tid. Derfor er eg oppteken av å finna ei moderne presentasjonsform. Musikken frå Setesdal ligg til grunn, men me er ikkje redde for å kombinera det tradisjonelle med andre uttrykk.

folkemusikk__logo_sort
”Det er vanskeleg å måla resultatet etter så kort tid"


Eit døme på ein slik kombinasjon er skulekonsertturneen med kvedaren Kim André Rysstad, rapparen Atlars og musikaren Trym Bjønnes i februar. Men ikkje berre konsertopplevingar er viktige, det er òg sentralt at dei unge sjølve syng, spelar og dansar. Mikkelsen ynskjer å rekruttera kurshaldarar gjennom instruktørkurs.

- Utfordringa er å finna instruktørar som både kan faget sitt, og som kan motivera dei unge, seier han, og legg til at han både nyttar instruktørar frå regionen og somme utanfrå.

-Ser de resultat frå prosjektet så langt?

-Det er vanskeleg å måla resultatet etter så kort tid. Eg er tilsett i stillinga i tre år, men tenkjer at prosjektet bør ha eit større perspektiv. Det er eit tilfang av unge ved ulike arrangement, men det viktige er jo at dei held fram med det. -

Prosjektet har eit budsjett på 800 000 kroner, med prosjektmidlar i tillegg. Er dette nok?

- Eg trur det viktigaste er at ein vågar tenkja langsiktig. Målet må vera å følgja unge fram til dei er 20 år. Det er sjølvsagt òg viktig at me stimulerer det vaksne miljøet som skal føra tradisjonen vidare. Eg trur ikkje dette bør skje gjennom dugnad, men i profesjonelle rammer. Folkemusikkprosjektet i Setesdal kan sjåast som ein god start.
 

Artikkelen stod på trykk i bladet Folkemusikk 5 / 2010

- - - - - - - -

Kurshelg 21. - 23. januar

Denne helga samlast utøvarar, lærarar, kulturskulelærarar ungdom til kurs i folkemusikk- og folkedans Bykle i Setesdal. Kurset er spesielt laga for dei som driv med formidling eller ynskjer å lære å formidle folkedans og folkemusikk. I løpet av helga vil en kunne få opplæring i både munnharpe, hardingfele, kveding og dans. På plakaten står lærekrefter som Sigurd Brokke, Kirsten Bråten Berg, Kim André Rysstad, Gunnar Stubseid, Geir Egil Larsen m. fl.

Les meir om kurset og prosjektet på Setesdalfolk sine heimesider. Du kan også følgje Setesdal Folk på Facebook.