Etter tre spennande semifinalar på Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Kalottspel er det klart for finale på Nordsjøfestivalen i Farsund laurdag 29. august. Finalistane kjempar om eit lanseringsprogram i samarbeid med Rikskonsertane.

Årets tre finalistar er:

 

 

Foto: Hans Martin Austestad
Foto: Hans Martin Austestad

Eplemøya Songlag

Liv Ulvik – vokal
Wenche Losnegård – vokal
Anja Eline skybakmoen – vokal

Vokaltrioen utforskar det musikalske landskapet mellom jazzvokal og kveding. Trioen byggjer sitt repertoar på eigne komposisjonar, og tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis. Songarane har trøkk og energi, og blandar humor, improvisasjon og forteljarkunst i sitt musikalske uttrykk.

LYD:  www.myspace.com/eplemyasonglag

 

 

Foto: Arne Arnedal
Foto: Arne Anderdal

Kim André Rysstad

vokal

Ung kvedar frå Rysstad i Setesdal som på kort tid har etablert seg som ein høgt respektert utøvar med sitt eige personlege uttrykk. Med læremeistarar som Kirsten Bråten Berg, Agnes Buen Garnås og Ånon Egeland har han fått eit solid grunnlag innanfor den vokale folkemusikktradisjonen frå både Agder og Telemark. Debutalbumet Tak hardt uti hand har fått rosande omtale nasjonalt og internasjonalt, og vart kåra til ”årets soloalbum” på Folkelarm i 2008. Eit stort talent med ei unik stemme!

LYD:  www.myspace.com/karysstad

 

 

Foto: Tone Jorunn Tveito
Foto: Tone Jorunn Tveito

Nordafjells

Andreas Bjørkås – fele og hardingfele
Even Røhjell – trekkspel
Øyvind Sandum – torader og trekkspel
Knut Sneve – kontrabass
Gaute Iversen – gitar

Gamaldansgruppa Nordafjells har eksistert i ti år, og har allereie markert seg med plateutgjeving, sigarar på landskappleiken og landsfestivalen, samt fleire prisar. Gruppa har sitt fundament i den lokale tradisjonsmusikken, men utfordrar også denne ved å la seg inspirere av pop, rock og klassisk musikk. Med Nordafjells får du drivande god dansemusikk!

LYD:  www.myspace.com/nordafjells

 

 

Les meir på Nordsjøfestivalen sine heimesider:

www.nordsjofestivalen.no