Krav til søkjarane

Alle kandidatane skal halde eit profesjonelt nivå og ha eit klart potensial for å utvikle musikalske idear og ferdigheiter. Det er ein føresetnad at søkjarane har valt å satse på ein profesjonell karriere innan musikk.

Ein kan melde seg på som

  • solist (ein enkelt utøvar som spelar solo)
  • solist med band/akkompagnement (snittalder som for grupper, inklusiv solist)
  • gruppe (grupper bør ha minimum eitt–to års fartstid)


For grupper skal snittalderen ikkje vere høgare enn 27 år. Solistar kan melde seg på til og med det året dei fyller 30 år. Det er høve til å melde seg på både som solist og som del av ei gruppe same år.

Dersom ein solist med band/akkompagnement går vidare, skal han/ho nytte det same bandet/ akkompagnementet under både semifinalen og finalen.

Søknaden skal innehalde

  • omlag 10 minutt med representativ musikk.
  • ei A4-side med relevant CV, ambisjonar for framtida og beskriving av det musikalske uttrykket
  • namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse til kontaktperson
  • for grupper og solistar med band/akkompagnement: oversikt over alle gruppemedlemmene med fødselsdato og kontaktopplysningar
  • eit pressebilete av søkjaren. Biletet må være av god kvalitet.