INTRO-folk - årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar ”Årets unge folkemusikarar” i løpet av sommaren 2012.

Med INTRO-folk vil ein skape ein arena der utvalde unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får røynsle i formidling av folkemusikk på eit høgt nivå. Gjennom semifinalar, finale og lansering på førande festivalar kan eit breitt publikum verte betre kjende med dei som musikkutøvarar.

Presentasjon av alle deltakarane vil syne fram breidda og nivået på unge norske folkemusikarar og bidra til musikarane si vidare karrierebygging. ”Årets unge folkemusikarar” vinn ei skreddarsydd lanseringspakke, sett saman av Rikskonsertane og FolkOrg.

Vinnaren vert lansert i 2012 og 2013 gjennom konsertar på INTRO-folk sine lanseringsfestivalar og skulekonsertturné i Noreg i regi av Rikskonsertene. I tillegg kan ei rad andre verkemiddel tas i bruk:

  • jobbing med ulike musikarar i produksjons- og redigeringsstudioet til Rikskonsertane i samarbeid med ein produsent

  • moglegheit for bestillingsverk

  • lydopptak av materiale, med tanke på offentleg utgiving

  • profileringstiltak, til dømes presentasjon på web

  • hjelp til marknadsføringsmateriell som foto, plakatar og flyers