Med kombinasjonen ein folkesongar og to jazzsongarar a cappella, er trioen Eplemøya songlag ein unik konstellasjon som skapar eit eige uttrykk i det norske folkemusikalske universet. Det vesle songlaget utforskar og utnyttar mogleheitane som ligg i fusjonen mellom jazzvokal og kveding. Songarane har ulike musikalsk røynsle og bakgrunn, og brukar dette aktivt til å skapa ein ny lyd saman – berre med  bruk av stemmene.

Musikken er sett saman av tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis samt eigne komposisjonar i tradisjonell stil. Her oppstår ein miks av humor, spenning, eksperimentell improvisasjon og forteljarkunst.

Eplemøya Songlag har tidlegare fått mykje merksemd i samband med ulike konkurransar. Sommaren 2009 song trioen seg til finaleplass i den prestisjetunge tevlinga IntroFOLK i regi av mellom anna Rikskonsertene. I november same året vann Eplemøya Songlag Debut09, ei tevling i regi av Rikskonsertene, Oslo World Music Festival og Jungeltelegrafen på Nrk P2. Juryen utnevnte Eplemøya Songlag til vinnar blant fire finalistar.

I februar spelte dei på bransjetreffet by:larm, og no er dei klare for ein miniturné i samband med utgjevinga av deira debutalbumet.
 

Måndag 22. mar: Belleville, Oslo

Onsdag  24. mar. Logen bar, Bergen

Torsdag 25. mar. Café Ni Muser, Trondheim