- I dans kunne ein derimot sett større påmelding, men det viktigaste er at folk i alle aldrar møter opp og held dansetradisjonen i hevd utan å ha fokus på tevling, seier Arne M. Sølvberg, som er leiar i hovudnemnda for kappleiken.

Mykje av kveldskappleiken føregår ved at solistar, lag og grupper vert vurderte medan dei spelar til dans, så her har publikum ein flott sjanse til å svinge seg i vals, reinlendar, masurka og hamborgar/polka til konkurransetrimma musikarar.

Medan laga og gruppene skifter plass på podiet, vil det verte spelt ein og annan springar, halling og rull til dans. Utpå kvelden vert det og dansetevling i vals og hamborgar/polka, ei tevling der det framleis er råd å melde seg på.

Men Fylkeskappleiken byr på meir enn tevlingar. Det knyter seg m.a. stor spenning til kven som får Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i år. Den vert delt ut berre annakvart år.

Spelemannslaget Fjelljom er vertskap for kappleiken, og det aktive laget har nyleg vore i platestudio. Ungdomshuset Fjellvarden vart nytta til føremålet i romjula, og Einar Eimhjellen tok seg av det tekniske. 23 slåttar vart innspelt av laget i litt ulike samansetjingar.

Dei aller yngste i laget spelar saman med seniorane på opningsslåttane, og gjester frå Hornindal spelemannslag er med på tre andre slåttar. I tillegg har plata sju solonummer.

Kappleiken er arena for offisielt plateslepp og utlegging for sal. Platetittelen ”Korri korri” er ord som leiaren i laget brukar når han lokkar sauene sine attåt seg, noko han aldri gjer utan å ha ein godbit å by fram.

Interesserte finn heimesida til Fylkeskappleiken 2012 på denne nettsida. Du kan lese meir om den rike folkemusikken og folkedansen i Sogn og Fjordane på www.folkemusikklaget.no.