- Eg er veldig overraska og veldig glad. Eg trudde ikkje eg skulle vinne, seier Moldestad til NRK Sogn og Fjordane. - Det er kjekt at folk likar musikken min.

Moldestad vart òg utnemnd til Årets Folkemusikar under Folkelarm i september 2010. Juryen skreiv i si grunngjeving: 

"Gjennom en rekke nyskapende grupper og flere plateutgivelser har Sigrid Moldestad vist gjennomgående kvalitet og variasjon. I senere tid har hun også utforsket folkemusikkens narrative og sceniske muligheter og vist seg som en fremragende sanger."

Sigrid Moldestad har i år hatt stor suksess med CD-utgjevinga ”Sandkorn”.  Ho har turnert i heile landet, og har óg hatt konsertar i England.  I forestillinga og på CDen ”Taus” frå 2007 presenterte ho kvinnelege spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre frå 1700- og 1800-talet. Denne plata fekk ho Spellemannprisen for.

Moldestad er elles kjend frå grupper som Fjøgl og Spindel, og har spela saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt.

Nærare 17 000 personar har vore med og røysta under Luttprisen 2010. Moldestad fekk prisen under gallakonserten i Operahuset i Nordfjoreid, der ho m.a. spelte saman med Olav Stedje, Eva Weel Skram og Håvard Lothe. 

Her er lista over alle som tidlegare har fått Luttprisen frå NRK Sogn og Fjordane.

  • Luttprisvinnar 2009: Håvard Lothe
  • Luttprisvinnar 2008: Generous Days
  • Luttprisvinnar 2007: Sigrid Moldestad
  • Luttprisvinnar 2006: Eva Weel Skram

MySpace-sida til Sigrid Moldestad finn du her. Ei samleside om Luttprisen kan interesserte gå til her.