”Mange av artistane som har spela på Riksscenen for folkemusikk denne våren, har opplevd glisne og tomme salar. Publikum sviktar den nye folkemusikkscena i hovudstaden.”
Det er den nokså dystre konklusjonen til Nynorsk Pressekontor, som tirsdag sende ut ei større sak om Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Riksscenen åpna offisielt sist september, og har denne våren hatt et stort aktivitetsnivå, med opp mot ei handfull konserter kvar einaste veke.
- Kulturpolitisk trur eg det er bra med eit så stort trøkk, men på den andre sida klarer ingen å kome seg på fem konsertar i veka. Ein må hugse på at Oslo er ein by der konkurransen er stor, òg på andre arenaer enn folkemusikkscena, seier Sigrid Moldestad i ein kommmentar til Nynorsk Pressekontor. Ho har sjølv vore Månedens Artist på Riksscenen denne våren.
- Restauranten må på plass
Dagleg leiar for Riksscenen, Helge Skansen, har fleire gonger peika på at ein framleis er i ferd med å etablere seg. Det har heller ikkje vore lett å skape eit større miljø, når den lenge lova restauranten ikkje er på plass. Det er òg stor uvisse om når det kommunale Popsenteret, som etter den opphavelege planen skulle ha åpna alt i 2009, vil kunne starte drifta. Det er lite som tydar på at ein vil sjå full drift av heile Schous Kulturbryggeri på denne sida av sommaren.
- Stampublikumet kunne fint ha vore her etter konsertane dersom me hadde hatt ein restaurant på huset. Men no går dei når konsertane er over. Me kan ikkje byggje vidare på kjernepublikummet utan å ha eit godt restauranttilbod på plass, seier Skansen til NPK.
Helge Skansen seier at besøkstala så langt ikkje trugar drifta, men kjem også med ein klar åtvaring om at det nok finnst ei smertegrense for prosjektet.
- Om tala er like låge framover, vil nok departementet setje spørjeteikn ved om det er marknad for ei så aktiv folkemusikkscene i Oslo.
- Ein oase i Oslo
Nettavisa Ballade.no har òg intervjua Skansen i samaband med oppslaget. Her utdypar han nokre av synspunkta.
- Vi er heile tida avhengige av å måle resultat. Men dei resultata vi måler nå, er ikkje så mykje verd når plattforma vi skal måle dette ut fra ikkje er på plass. Om Riksscenen skal drives vidarre slik omgivnaden ser ut i dag, klarer vi kanskje ikkje å utnytte kapasiteten på ein god måte. Når den skal drives med alle dei andre elementa på plass, ser jeg optimistisk på frramtida.
Han oppmodar Kulturetaten i Oslo Kommune, som har ansvaret for å utvikle Popsenteret, om å kome på banen.
- No ligg det ei 60 millioner kroners investering der og venter, og husleia løper. Om dei ikkje får tatt ei beslutning i juni, hamnar vi fort ut på andre sida av sommaren før noko skjer. Det er useieleg trist om vi ender opp med å måtte drive nok ein sesong utan restaurant. Det er så mange som ikkje har vore innom bakgården i Schouskvartalet enno. Det er viktig at de oppdagar ein oase når de først kjem. Og den oasen er ikke her enno. Da synes vi det er vanskeleg å leggje gode strategiar for å nå breidt ut.
I følgje Nynorsk Pressekontor vil Rikscenen ha mellom 150 og 180 tilskipingar i 2011. I same periode mottek dei 20,6 millionar kroner til produksjon og formidling.
Interesserte kan lese saka frå Nynorsk Pressekontor på denne sida hos Nationen. Intervjuet med Helge Skansen i Ballade.no finn du her. Det rike vårprogrammet til Riksscenen kan du lese meir om på denne lenkja.