Johan Vaa, Rauland (f. 1945), avdanka tillitsvald som kryp ned or hornet på veggen og skvakkar av og til. Slepper or seg eit ròtastev om stunda og stemninga tilseier det, og er rimeleg god til å danse springar – eller gangar. Han spelar hardingfele på det nivået at er han ikkje åleine når han finn fela fram, blir han det etter få bogadrag.
 

Anbefaling


Springaren ”Håvards Minne” med Gunleik Smedal beit eg meg merke i i 1979, då fekk eg ein piratkopi av denne og ymse andre slåttar frå Bjørndalssamlingane i Bergen. Opphavet var ei 78-plate som eg minnest at me hadde heime, og som eg seinare fann at nok var spreidd i ein del eksemplar her i bygda. Gunleik Smedal (1878-1948) frå Åmotsdal reiste til Amerika i 1914, og denne plata (og ei til) er truleg innspela der ein gong på 1930-talet. No er plata utgjeven på nytt, som ein del av samle-CD’en ”Håvardsspel” (Ta:lik 2009).

På 1980-talet var eg elev i musikkskulen i Vinje, og hadde Stein Versto som lærar. Det visa seg at han òg hadde bite seg merke i denne framføringa, og lært seg slåtten, som eg så fekk lære – etter mykje ”gråt og tænders gnidsel”. Det er dugeleg godt spel, det er no ein ting, og grunn nok i seg sjølv til å lyfte fram denne innspelinga. Ein annan grunn er at denne slåtten generelt er lite bruka i dag. Men, det eg vil poengtere her er korleis spelemannen byggjer opp framføringa: Han spelar slåtten tri gonger, fyrste gongen logisk og greitt, tek kvart tak opp att, så ein variasjon som overgang til neste tak. Andre gongen spelar han friare, sume tak blir spela berre ein gong, og sume hoppar han over. Tredje gongen er det reine anarkiet, i høve til fyrste gongs gjennomspeling hoppar han att og fram i slåtten, og kjem òg med nokre nye variasjonar på dei grunntema han har fyrste gongen. For ein raklespelemann, som strevar med å få inn ei fast form og så halde på den, er det dugeleg imponerande å høyre korleis det er råd å leike med innhaldet i slåtten!

Ein annan ting: Det er i dag politisk korrekt å seia at at tradisjon er utvikling. Eg synest dette opptaket – der utøvaren lærde seg slåtten for 100 år sidan – læt nett som godt spel i dag. Då er det teke høgde for den personlege variasjonen i uttrykket.
 

LUKE # 8: Gunleik Smedal - "Håvards minne"