Erlend Apneseth (19) er ein ung og lovande spelemann frå Svidal i Jølster. Han er ein aktiv soloutøvar på hardingfele, og har kome høgt opp på resultatlistene på både fylkeskappleik, vestlandskappleik og landskappleik. I tillegg er han medlem av Indre Sunnfjord spelemannslag, og med i ein trio med gitarist Marius Dille Tufte og keyboardist Carl-Henrik Buschmann. Han har gått 3 år på musikklinja ved Firda vidaregåande skule, og til hausten er han klar for nye musikkstudier.
Anbefaling
Nordafjells, spela av Daniel Sandèn-Warg. Eg har vore stor fan av setesdalsmusikken sida 13-14års alderen, og dei gorrlause rammeslåttane har særleg hatt ei høg stjerne hos meg. Slåttane har ein heilt spesiell råskap i seg, og Nordafjells som den villaste av dei alle, er eit absolutt høgdepunkt i mi musikksamling.
LUKE # 6: Daniel Sandèn Warg - Nordafjells