Kirsten Bråten Berg kjem frå Setesdal og er ein av landets aller viktigaste tradisjonsberarar av vokal folkemusikk. Ho er høgt dekorera, i 2005 blei ho slått til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St Olavs Orden.
Den første soloplata til Kirsten kom i 1980, sidan har ho kome med soloutgjevingane Min kvedarlund, og Syng du mi røyst og Stev for dagen. Ho er også kjend frå samarbeid med andre musikarar mellom anna i folkemusikkgruppa Slinkombas. Av medlemmene i Slinkombas er det særleg Hallvard T. Bjørgum ho har samarbeida med i åra etterpå. Dei har gjeve ut fleire plater saman. Ho har også brukt tradisjonsmusikken i nye samanhenger, til dømes i samarbeidet med jazzmusikaren Arild Andersen med utgjevingane Sagn og Arv.
Ved sida av omfattande utøvande verksemd som musikar og pedagog, driv ho óg si eiga sylvsmie.
Her er ei jolehelsing frå Kirsten med Nystev frå plata Juletid