Gunn Sølvi Gausemel (f. 1963) kjem frå Hornindal og er busett i Bærum. Ho har vore tilsett i NRK sidan 1985, og er i dag tilknytt Radioarkivet der ho mellom anna arbeider med NRKs folkemusikkarkiv og utgjeving av arkivperler på CD. Saman med musikkteknikar Terje Hellem har ho dei siste åra stått for om lag 40 CD-produksjonar. CD-platene kjem ut på plateselskapet Ta:lik, som er NRKs samarbeidspartnar når det gjeld folkemusikk. I desse dagar skjer siste finpuss på nyutgjevinga av serien ”Norsk folkemusikk”, som programsekretær Rolf Myklebust starta arbeidet med i 1952.
Gunn Sølvi spelar både fele og hardingfele og har talrike CD-utgjevingar på samvetet, både som utøvar, arrangør og produsent. Ho har og vore mykje brukt som dommar. Kjent som medlem av jentespelemannslaget Honndalstausene, som har gjeve ut fleire produksjonar med nordfjordmusikk. Honndalstausene er Spellemannprisnominerte, har vunne Landsfestivalen i gammaldansmusikk og fått Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.
Anbefaling
Svingom med historisk sus
Eg tenkte det kunne høve med ein staseleg vals i førjulstida. Frå NRKs rikhaldige arkiv har eg difor valt ”Krunebrura” av Per Bolstad sn., spela av Rolf Myklebust (1908-1990) på fiolin og Johan Øian (1915-1978) på klaver. Opptaket er frå eit radioprogram Rolf Myklebust laga i høve 75-års dagen til Per Bolstad sn. i juni 1950. Rolf Myklebust vart seinare tilsett i NRK og hadde ansvar for folkemusikkprogramma i nær på 30 år.
Valsen Krunebrura er henta frå plata”Historisk sus”, med dei 3 M’ane frå Nordfjord, Rolf Myklebust, Alfred Maurstad og Jens Maurseth. CD-en kom ut i høve markeringa av 100-årsdagen til Rolf Myklebust, i Stryn i november 2008. Produksjonen er gjeve ut av Spelemannslaget Fjelljom, i samarbeid med NRK, og er ei ypparleg julegåve.
God jul og god dans!
LUKE # 17: Krunebrura av Per Bolstad - Rolf Myklebust og Johan Øian