Kjell Bitustøyl kjem frå Rauland og er utdanna adjunkt med faga forming og musikk. Har jobba med folkemusikk i mange år som innsamlar, hardingfelelærar, organisator, skribent, fotograf m.m. Var redaktør av Spelemannsbladet frå 1997 til 2006. Prosjektleiar for "Hardingfelesenteret i Telemark". For tida kulturstudent på Masterstudiet i Bø.
Anbefaling
"Da før var nu" av og med Susanne Lundeng, frå CD-en "Nattevåk" frå 2006.
Ein variert og stemningsfull "låt" der felespelaren også brukar stemma. Eit poetisk stykke musikk med djup botn og stort alvor. Naturen er sterkt til stades i slåtten - ein kan vart skimte hav og himmel eller skodda som lettar og la ettertanken sige inn i sjel og kropp.
Luke # 15: Susanne Lundeng - Da før var nu