Med utgangspunkt i læreplanen for grunnskolen gjer kurset ei kort innføring i tradisjonskunnskap om norsk folkedans, der fagterminologi er ein del av undervisinga. Det blir også rein danseopplæring av relevante dansar, der m.a. danseteknikk vil bli gjennomgått.
Metodikk i samband med undervising i dans blir gitt både i teori og praksis. Innføringa skal gi kursdeltakarane bakgrunn for undervising i folkedans for barn og unge, og bakgrunn til sjølve å kunne lese og forstå dansenedteikningar.
Samlingane er lagt til kursgården Bjerkem i Steinkjer, som du kan lese meir om her.
- Første samling: 1.- 4. februar 2011
- Andre samling: 5. - 8. - april 2011
I tillegg til den obligatoriske undervisinga blir det laga diskusjonsppgåver via internett. Lesepensum er på om lag 1000 sider og dansepensum på 30 dansar.
- Danseopplæring
- Sviktanalyse
- Terminologi
- Tradisjonskunnskap
- Metodikk i folkedansundervisning, basisikunnskap
- Eigenstudium
Faglærarar
Torunn og Johan Einar Bjerkem fra Bjerkem Natur og Kultur er i år hovudlærarar. Siri Mæland og Egil Bakka frå Rff-sentret (Norsk senter for folkemusikk og folkedans) er blant dei viktige bidragsytarane inn i studiet. Det blir i tillegg gjestelærarar med ulike dansespesialitetar.
Du må sjølv ordne overnatting når du deltek på kurs. På www.visitinnherred.com/ finn du ei oversikt over overnattingsalternativ i Steinkjer.
Kurset gir 15 studiepoeng, og kursavgifta er 5000 kroner. Søknadsfrist er alt 15.januar 2010. Meir informasjon kan alle interesserte finne på nettsida til kurset.