Dagleg leiar for Kalottspel

Det er nå ledig eit års vikariat som dagleg leiar for Kalottspel frå 1. juli 2013. Det søkjas etter ein person som kan utvikle og drifte festivalen vidare dette året.
Som søkjar til denne jobben bør ein ha god kjennskap til korleis denne typen festivalar drivas i Noreg. Jobben inneber planlegging, gjennomføring og rapportering av festivalen Kalottspel, og konsertane Kalottspel arrangerar i løpet av året.

Spørsmål om stillinga kan rettas til Sigrunn Haugli på tlf. 909 58 519 eller sigrunn@kalottspel.no

> SØKNADSFRIST: 15. mars - sjå full utlysingstekst her

 

Folkedans i Bergen (Foto: Daniel Heggelid-Rugaas)

Organisasjonssekretær i Bul Ervingen

Det er nå ledig vikariat som organisasjonssekretær i Bergen ungdomslag Erivgen. (01.08.13 - 07.02.14). Organisasjonen er ein frilynt aktivitesorganisasjon som driv med folkedans, folkemusikk, kor og teater.

Som organisasjonssekretær utfører du vanlege kontorfunksjonar og fylgjer opp aktivitetar i laget. Du utarbeider søknadar, konkretiserer prosjekt og formulerer prosjektsøknadar. Du yter medlemsservice og oppdaterar medlemsregisteret, samt er kontaktledd til dei landsdekkjande organisasjonane som laget tilhøyrer. Ei anna viktig arbeidsoppgåve er intern og ekstern informasjon, mellom anna oppdatering av nettsidene til laget, marknadsføring og medlemsrekruttering.

Kontaktperson: Astrid Sirnes tlf. 92657517 eller søknad til kontoret@bergen.ungdomslag.no

> SØKNADSFRIST: 20. mars - sjå full utlysingstekt her

 

Instrumentmakar på Valdresmusea

Valdresmusea søkjer instrumentmakar i ei 60 % stilling. Stillinga skal bidra til vidareutvikling av instrumentverkstaden, til auka instrumentproduksjon og vidareføring av kunnskap om den skjøre kulturarven som instrumentfaget er.
Som instrumentmakar hjå Valdresmusa vil du få ansvar for nybygging, reperasjon og restaurering av folkemusikkinstrument, i tillegg til å halde deg fagleg oppdatert og halde god fagleg standard på eige ansvarsområde.

For opplysningar om stillinga: ta kontakt med direktør Anne Marit Noraker tlf. 911 03 969.

> SØKNADSFRIST: 1. april - sjå full utlysingstekst her



Frå det folkemusikalske syngespelet Liti Kjersti.

Prosjektleiar Bygda dansar

Frå hausten 2013 startar Bygda dansar opp i Telemark. I den samanheng lyser Rff-sentret ut stilling som prosjektleiar med ansvar for planlegging og gjennomføring av aktiviteten i fylket. Samstundes er det ledig prosjektleiarstilling i Vest-Agder.
Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt. Formålet er å formidle folkedans til ungdom hovudsakleg frå 15-19 år, og stimulere talent til vidare satsing på dans gjennom personleg oppfølging og medverknad i sceniske danseframsyningar. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis og går over tre år. Prosjektleiar er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av prosjektet i sitt fylke. Dette omfattar både dansefagleg arbeid, prosjektadministrasjon og informasjonsverksemd. Vedkomande samarbeider tett med prosjektmedarbeidar, fagpersonar ved Rff-sentret, prosjektkoordinator og andre som prosjektet knyter til seg.
 

Kontaktperson: Prosjektkoordinator Gro Marie Svidal: 90085207, epost: gro.marie.svidal@ntnu.no

> SØKNADSFRIST: 2. april

Sjå full utlysingstekst for stillinga i Telemark her

Sjå full utlysingstekst for stillinga i Vest-Agder her