I omtala av framsyninga skriv dei dette:
Me skal hylle vestlandet i oss og sjå på eventuelle forbetringspotensiale. Merk eventuelle. Korleis handterer vestlendingen det moderne begeistringskravet? Korleis taklar ho intimitetstyranniet? Når kom klemmen til vestlandet, er han komen?
Kva skjer med vestlendingar som vinn? Har kappleik noko å lære av idol, eller er det berre motsett? Kva kom først? Kappleik eller kappløp, kappleik eller kappgang? Var Fanitullen ein tullebukk frå Fana? Ja faen veit.
Desse og ein god del fleire spørsmål blir drøfta gjennom ord, tonar og multimediale verkty. Truleg vil førestillinga syne oss at resten av landet har mykje å lære av det nøkterne og skrytlause vestlandslynnet. Men har vestlandet noko å lære av resten av landet? Neppe, men vi held muligheitene opne.
Dette er ei førestilling for alle, også for dei utan folkemusikalsk slektstavle eller generelt OL-gull!
I tillegg til dei to hovudaktørane vil det vera ”Husband” og gjestespelemenn og dansarar. Framsyninga vert vist i Voss idrettshall fredag 25.juni.
Linde Eide og Sigrid Moldestad:
Vossejenta Linda Eide kjenner dei fleste frå NRK, og særleg med den aktuelle fjernsynsserien ”Norske Attraksjonar.” Ho er kjend for si utradisjonelle og nysgjerrige tilnærming til fakta og saker både som journalist, skribent og tv-personlighet.
Sigrid Moldestad frå Breim er ei spelkvinne som medverkar i fleire samanhengar. Den største satsinga hennar er førestillinga "Taus" som tok for seg historia om dei mange damene som spelte fele i Nordfjord og områda rundt på 1800-talet. Begge to er i gang med å jobbe med ideutveksling til forestillinga. Dersom resultatet blir så bra som ein håpar på, er begge opne for å ta forestillinga vidare andre stader etter Landskappleiken 2010.
Kjelde: www.landskappleiken.no