Frikar-kompaniet seier at dei med denne tevlinga ynskjer å puste støvet av samdansen i lausdansen, og frigjere energien frå den ekte kappdansen.
 
- Tanken er at FRIKAR-tevlinga kan vera vera eit supplement til kappleikane. Publikum sit rundt utøvarane som dansar ein mot ein i sirkel. Tre av dei beste dansespelmennene utfordrar dansarane utan at dansarane får velja lått sjølv.

Spelemenn for kvelden er Jan Beitohaugen Granli, Andreas Ljones og Erik Sollid, medan Tuva Syvertsen er kjøgemeister.Frikar-tevlinga 1.0 (2011)
 
Dommarar er Solveig Hårdnes, Ingar Ranheim og Jon Ellingsen. Det  blir pris for 1. plass i både over og under 16 år, for beste tradisjonsberar og nyskapar.

I Prøvesalen og på Intimscenen vert det kurs i lausdans frå 14 – 17, med Hallgrim Hansegård frå Frikar Dance Company som instruktør. Interesserte kan lese meir om Frikar-tevlinga 1.0 på heimesida www.frikar.com/tevlinga.

Som ein ekstra inspirasjon til alle danseglade har Frikar funne fram denne skildringa av ein kappdans i Hemsedal i 1907:
 
“No sat gjentone anslopne kring veggen. Og gutane klemde seg ihop. Og spenninga auka, ein hadde ei kjensle som fyre eit torever. So med ein gong sprang ein gut ut or flokken og tvinna seg inn i tonane, lett som ei fjør og fast i veden som ei eik. Der sprang doktoren inn i flokken og slengde fram ein til. Folk klemde seg inn mot veggane og stirde. Augo lyste. Munnane stod opne. Ingen rørde so mykje som ein finger. Berre spelemannen stod i ei kraa og rista tonane or fela so dei baara gjennom salen. Og dei to dansarane kasta seg og krøkte seg, svinga seg verre og verre. Det var lett aa sjaa paa dansarane og paa folket at dette var kappdans. Det var ymse meiningar um kven som var basen av dei to. Men alle var samde um at dette var meisterdansarane i dalen.”
 
Dei innleiande rundene i tevlinga går føre seg frå 19 til 20.30, med kvartfinalar, semifinalar og finalar frå 20.30 til 22. Kvelden vert runda av med premieutdeling, fest og dans. 

  • Tid: Lørdag 15. januar, fra kl. 14.00
  • Stad: Riksscenen, Schous kulturbryggeri
  • Arrangement: Frikar - tevlinga 1.0. Frikar Dance Company i samarbeid med Riksscenen.
  • Dagspass for publikum: 120,-
  • Billettsal:  www.riksscenen.no, og ved døra
  • Påmelding til kurs og konkurranse: booking@frikar.com