Folkemusikkgruppa Kvarts og Den Norske Folkemusikkveka arbeidde i to år med ein idé om å få til eit samarbeid mellom Kringkastingsorkesteret, Kvarts, Sondre Bratland, Berit Opheim Versto og Birger Mistereggen. Prosjektet vart endeleg ein realitet i 2007, og var hovudsatsinga under Folkemusikkveka i 2007. Dei to konsertane har det i ettertid gått gjetord om, og våren 2009 lanserte Kvarts ein live-cd med opptak som NRK gjorde av konsertane.
Torsdag 17.september under årets Folkelarm blir det ein ny sjanse til å oppleve denne konserten, denne gongen på KORK sin heimearena, Studio 1 på Marienlyst. Det vert først ein opningskonsert for delegatar og artistar ved Folkelarm, og etterpå kl 21.30 er Den Norske Folkemusikkveka med å sett opp ein konsert til for publikum.
Repertoaret på konserten vil variere frå vare viser til fandenivaldske hallingar, og spenner mellom tradisjonsmusikk og musikk som er komponert av medlemmene i Kvarts. Solistar på konserter er songarane Linn Andrea Fugleseth og Sondre Bratland, slagverkaren Birger Mistereggen. Dirigent er Hans Ek