Bladet Folkemusikk og Folkelarm inviterer til storstilt bladslepp på Riksscenen i Oslo.

Det er andre gong i historia at bladet Folkemusikk skipar til bladslepp i Oslo, og redaktøren lovar ein artig seanse for dei som kjem.

Sleppet blir på Riksscenen i Schous-kvartalet i Oslo laurdag 1. oktober frå klokka 14.00 til 15.30.

Redaktør Knut Aastad Bråten og bladsleppvertinne Mari Skeie Ljones vil presentere artiklar og reportasjar frå den siste utgåva av bladet.

- Mellom anna blir det høgtlesing frå Nicholas Møllerhaug sitt glitrande essay om folkesongaren Ragnar Vigdal (1913-1991) frå Jostedalen, fortel Aastad Bråten.

Høgdepunktet under bladsleppet blir denne gongen eit eksklusivt intervju med ei av dei fremste unge fiolinistane i dette landet, Ragnhild Hemsing. Ho er nettopp klar med si fyrste soloplate ”Yr”, og er i det høve intervjua i bladet. Hemsing vil også framføre nokre av låttane frå plata si. Det blir også anledning til å kjøpe gåveabonnement.

Redaktør Bråten og bladsleppvertinne Skeie Ljones serverer i tillegg gratis bollar frå sitt kulinariske kjøken, mjølk og serinakaker. I baren kan du kjøpe øl og anna drikke.

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkjande bladet for folkemusikk og folkedans. Bladet har kontor på Fagernes i Valdres og har fem utgjevingar i året.

Saman med denne utgåva blir det også eit eige bilag om Landskappleiken og Landsferstibvalen. Velkomen til slepp!

Eigar av Bladet Folkemusikk er FolkOrg - Organisasjonen for folkemusikk og folkedans. Du kan lese meir om bladet, som i år fyller heile 70 år, på denne lenka. Om du har spørsmål, er det elles berre å kontakte redaktøren på knut@folkemusikk.no.