Striden med Notodden er lagt til sides. Ein konsentrerer seg i staden om å bruke kreftene på å utvikle festivalen vidare inn det nye tusenåret. For fyrste gong tek festivalen i bruk ein etikett som godt kunne ha vore der tidlegare - “eit moderne folkemusikkprosjekt”.

Den gamle musikken står fram med ny livskraft, og satsinga på utdanning i 80- og 90-åra byrjar for alvor å kaste av seg. Ein ny generasjon av folkemusikarar er på gang. Og Telemarkfestivalen presenterer meir nyskriven folkemusikk enn nokon gong.

I praksis er det fire av konsertane som ber preg av “bestillingsverk”: Kveding på nye spor er i regi av Telemarkonsertar, Den ramme slåtten - eit rocka Myllargutprosjekt er ein bestillingskonsert. I Bø gamle kyrkje framfører Berit Opheim to nye verk av komponisten Henrik Ødegaard. Og så sjølve bestillingsverket, den store rosina i pølsa som vekkjer åtgaum i vide krinsar: Nivelkinn av og med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga, til tekstar av lyrikaren Aslaug Vaa.

Kåre Willoch på Telemarkfestivalen, 2001 (Foto: Bjørn Harry Schønhaug, Varden.)
Kåre Willoch på Telemarkfestivalen, 2001 (Foto: Bjørn Harry Schønhaug, Varden.)

Willoch på folkemusikkfestival

Det mest kreative og uventa framlegg til opningsperson til då kom som ein flygeidé på eit styremøte ein sein kveld heime hjå ein av styremedlemmene: Kva med å spørje Kåre Willoch om å opne festivalen? Som sagt så gjort, og dagen kom.

Eg hugsar Willoch som ringjer mens han er på veg i bil. Han fornektar seg ikkje, han har ein spesielle form for humor: “Det ser ut som om vi (han hadde med seg kona) ligger ca. 20 minutter etter prognosen.”

Men han kom, tala og vann. Det kunne me lesa på framsida av TA neste dag. Der hadde avisa kasta terning, Jens Stoltenberg hadde opna på Notodden, terningkast 5, Kåre Willoch hadde opna i Bø, terningkast 6! Kåre Willoch tok folket med storm i Gullbring.

“Jeg tror man knapt kan overvurdere betydningen av folkemusikken som bidragsyter til det å skape enn sunn norsk nasjonal følelse, sa en svært opplagt Kåre Willoch og høstet stormende applaus fra de frammøtte.”

Festivalen er kan hende i ferd med å blir vaksen og meir trygg på at kursen ein har valt er den rette. Å vera med å skape ein debatt om kva som er folkemusikk og ikkje, var viktig.

Marta Sebestyen på Telemarkfestivalen i 2001 (Foto: Øystein Akselberg)
Marta Sebestyen på Telemarkfestivalen i 2001 (Foto: Øystein Akselberg)

Denne satsinga kom utifrå ein tanke om at det er i grensefl atene det spennande skjer. Det var der festivalen ville vera, noko satsinga på bestillingsverk i ettertid òg har stadfest. Márta Sebestyén kom tilbake for tredje gong, denne gong med gruppa Vujicsics, eit namn som mange streva med å uttale. Eg prøvde på dette under opningskonserten, men det gjekk rett vest, til stor glede for mange i salen!

Myllarjubileum

Myllarguten blei feira med heile fem ulike arrangement under festivalen, fleire av dei utradisjonelle. Dette fekk Varden sin journalist til å stille fylgjande spørsmål til dagleg leiar: “ ‘Du frykter ikke at dette vil provosere tilhengerne av det tradisjonelle folkemusikkuttrykket?’ ‘Jo, jeg håper da inderlig det. For Telemarkfestivalen er det viktig å presentere den eksisterende folkemusikken og samtidig gi muligheter for at ny musikk skal oppstå. Det er hva vi seiler etter’ “.

Eitt av Myllarprosjekta hadde fått støtte frå Nordisk kulturfond: “Unge spelemenn frå fem nordiske land - eit møte i eit utvida Norden”. Ottar Kåsa var vår mann, vidare: Pia Kleemola frå Finland, Tove de Fries frå Danmark, Anders Nygårds frå Sverige og Krista Sildoja frå Estland. Denne konserten fekk òg en avleggjar i Danmark, som ein del av Myllarjubileet til minne om konserten Myllarguten hadde i Tivoli i 1862. Kåsa og De Fries deltok i denne konserten òg. Ottar Kåsa tok elles i mot den fyrste folkemusikkprisen frå Ecbo’s legater, dette var nytt av året.

Myllaren blei òg feira med ein relativt tradisjonell hardingfelekonsert, der Leif Rygg, Alf Tveit, Øystein Romtveit, Nils Økland og gruppa Fjøgl deltok. Hovudtema for denne konserten var ikkje berre Myllarguten, men òg Eivind Groven som ville ha fylt 100 år dette året om han hadde levd.

Frå Voss kom songfuglen Berit Opheim og fylte Bø gamle kyrkje heilt åleine, ei bragd i seg sjølv! Og på Kvennøya fekk endeleg Lars Underdal fortent merksemd etter å ha vore delaktig i svært mange konsertar. Han heldt Borgjakonserten og fekk mellom anna ros av Knut Buen som var tilbake som entusiastisk publikummar etter fjorårets turbulens. Dette var andre solokonserten i Lars sitt mangslungne spelemannsliv, på ein festival der Lars nærast har vore grossist i store og små oppdrag.

Likevel, i ettertid ikkje minst, ingenting kom opp mot Nivelkinn dette året. Og året etter kom plata - og etter det - Spellemannpris.

Artikkelen er henta frå boka "Fy fela - for ein festival" av Kjell Bitustøyl. Interesserte kan lese meir om utgjevinga ved å gå til denne sida frå Telemarkfestivalen.