Det er i år 80 år sidan Folkemusikktimen hadde si første sending. Arkivet er eit uerstatteleg privatarkiv etter ein føregangsfigur innan innsamling, vern og formidling, skriv Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
I 1979-80 starta folkemusikkmusikkmiljøet i Sogn og Fjordane drøftingar om opprettinga av eit folkemusikkarkiv i fylket. I 1981-82 vart Sogn og Fjordane Folkemusikklag skipa, og drøftingane om eit arkiv gjekk over i konkret planlegging. Fylkeskommunen løyvde pengar til prosjektet i 1982, og den første musikkarkivaren vart tilsett i halv stilling i 1983.
Innsamling, vern og formidling
Hovudkontoret vart lagt til Sunnfjord Museum, med eigne avdelingar på Nordfjord og Sogn Folkemuseum.
I 1986 vart folkemusikkarkivet ein del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og omdøypt til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - musikkavdelinga. Tredelinga med lokalisering ved Folkemusea i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn vart avslutta i 1997. Sidan då har musikkavdelinga vore lagt til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger i Sogn.
Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk- og dansetradisjonar frå Sogn og Fjordane. Samlinga er eit viktig bidrag til overleveringa av dette kulturuttrykket i fylket.
- Musikkavdelinga har også ei samling med fonogram med musikk knytt til Sogn og Fjordane. Dette omfattar LP-plater, 78-plater, singelplater, kassettar og CD-plater. Målet er å samle alle utgjevingar med utøvarar knytte til fylket, uansett musikksjanger. Artistane og plateselskapa har ikkje avleveringsplikt til musikkavdelinga, men vi vil likevel oppmode artistar og selskap til å gi eit eksemplar til oss.
Feltopptak og private opptak
Materialet i tradisjonsmusikksamlinga er eit resultat av ei rekkje ulike innsamlingsstrategiar. Det omfattar mellom anna eigne feltopptak gjort av musikkavdelinga og kopiar av private opptak, Arne Bjørndals Samling i Bergen, Norsk Musikksamling i Oslo og NRK. Musikkavdelinga brukar det faglege nettverket til Sogn og Fjordane Folkemusikklag for å gjere eit best mogeleg utval av kjelder.
Dei lokale leiarane rundt om i kommunane er gjerne med på sjølve feltopptaket. Eit viktig bidrag av lydfestingar kjem frå engasjerte og dyktige privatpersonar som gjer opptak i sitt distrikt og sender kopiar av dette inn til arkivet.
Musikkavdelinga yter gjerne fagleg og teknisk rettleiing dersom privatpersonar eller lokale lag og organisasjonar ønskjer å registrere eller gjere opptak i lokalmiljøet.
I alt har 21 privatarkiv fått 3 millionar kroner frå Norsk kulturråd til å ta vare på unikt materiale som dokumenterer sentrale bedriftshistorier og framveksten av mange norske lokalsamfunn. Dette kan du studere nærmare på denne lenka.
Interesserte kan lese meir om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si musikksamling på denne sida . Her finn du óg ut meir om lyd og levande bilete, samd innsyn og tilgjenge.