- Annbjørg Lien hentar inspirasjon frå eit spekter av tradisjonar, med kreativitet, profesjonalitet og speleglede, skriv Rikskonsertene.

- Med utgangspunkt i norsk tradisjonsmusikk inviterer ho oss til ei følsam og forrykande reise gjennom stemningar og stilartar. Annbjørg viser igjen at ho er ein av dei mest nyskapande artistane vi har – på både feler og nøkkelharpe.

På den nye plata syng Annbjørg også, blant anna på tittelsporet. "Khoom Loy" er det thailandske namnet på himmellyktene eller lanternene i Austen. Dei symboliserer kunnskap, rettleiing og gode ønske. Raude lanterner blir brukte når ein skal feire, grøne betyr vekst, purpur er dei mange moglegheitene i livet, rosa står for kjærleik og kvit for helse.

Den nye plata er utgjeven på Grappa, og skal ha innslag av både norsk, irsk og austleg folkemusikk - miksa med jazz, rock og andre samtidsklangar. Tekstane er m.a. henta hjå Jakob Sande og André Bjerke. Musikken vekslar i følgje Rikskonsertene mellom "det intense og det inderlege, mellom nære augneblinkar og storslagne utsikter, mellom instrumentalmusikk og songar". Albumet har alt fått terningkast seks i Hamar Arbeiderblad, som kallar det " verdensmusikk på sitt beste, og et av de mest medrivende og inspirerende album hun noen gang har gjort".

Med på turneen er tre musikarar frå Nepal Music Center i Katmandu. Dei er for tida gjester ved Universitetet i Agder, i samarbeid med Fredskorpset. Durga Khatiwada speler fløyte, Jiwan Rai spelar tabla, medan Suman Kumar Sachin tek del med song og nepalsk harmonium.

Annbjørg Lien Band er denne gongen Annbjørg Lien (hardingfele, flatfele, nøkkelharpe og vokal),  Per Elias Drabløs (bass), Per Hillestad (perkusjon), Bjørn Charles Dreyer (gitarar), Einar Thorbjørnsen (tangentar) og Hans Fredrik Jakobsen (fløyter).  

- Eg gler meg veldig til å reise på turné saman med eit fantastisk band og dei gode musikarane og vennene mine frå Nepal, seier Annbjørg Lien.

Her er heile turnéruta:

9. februar:       Oslo, Cosmopolite
10. februar:     Bjugn kulturhus
11. februar:     Brattvåg, Ingebrigt Davik-huset
12. februar:     Ørsta kulturhus
13. februar:     Stryn kulturhus
14. februar:     Førde, Førdehuset
16. februar:     Arendal kulturhus
17. februar:     Larvik, Kulturhuset Bølgen
24. februar:    Bø, Gullbring kulturhus
25. februar:    Seljord, Granvin kulturhus
29. februar:    Asker kulturhus
1. mars:          Horten, Bakkenteigen kulturhus
2. mars:          Nøtterøy kulturhus

Interesserte kan lese meir på www.anbjorglien.com. Du finn enda meir informasjon på www.rikskonsertene.no. Om du vil vitje sidene til Grappa Musikkforlag, kan du berre bruke denne lenka.