Semifinalistane er plukka ut, og følgjande artistar skal gjere semifinalespel i løpet av våren/sommaren 2012:

Andreas Bjørkås (solo)
Jo Einar Tobias Sterten Jansen (solo)
Bjørn Kåre og Mads Erik Odde (duo)
Erlend Viken (solo)
Mari Skeie Ljones (solo)
Vrang (trio)

Om INTRO-folk
INTRO-folk - årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar ”Årets unge folkemusikarar” i løpet av sommaren 2012.

Med INTRO-folk vil ein skape ein arena der utvalde unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får røynsle i formidling av folkemusikk på eit høgt nivå. Gjennom semifinalar, finale og lansering på førande festivalar kan eit breitt publikum verte betre kjende med dei som musikkutøvarar.

Vinnaren vert lansert i 2012 og 2013 gjennom konsertar på INTRO-folk sine lanseringsfestivalar og skulekonsertturné i Noreg i regi av Rikskonsertene

Jury
Juryen som har plukka ut artistane har vore Matias Hilmar Iversen (juryleiar), Anne Hytta og Åsmund Nordstoga. Nytt av året er at berre juryleiar held fram i juryen gjennom heile konkurransen. Dei to andre jurymedlemmane kan peikast ut av musikarar eller festivalleiinga ved dei lokale festivalane, slik at ein nyttar den kompetansen som festivalane allereie rår over.
 

Tidlegare vinnarar av INTRO-folk er:

2009:   Kim André Rysstad
2007:   Benedicte Maurseth
2005:   Majorstuen