Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert i år arrangert for 24. gong, og temaet i år er musikk og natur. No er programmet komplett og festivalen reklamerer med at det i år kjem omlag 300 artistar frå heile verda, som vert presentert gjennom 100 ulike festivalarrangement. 

På plakaten til årets festival finn du namn frå ulike delar av verda. I samarbeid med Festival au Désert presenterer Førdfestivalen to grupper frå det krigsherja Mali: Afel Bocoum & Alkibar og gruppa Tartit, som oppstod på 90-talet i ein flyktningleir i Burkina Faso. 
 
Førdefestivalen samarbeider også med den danske festivalen Roskilde, og på scena i sommar står den etiopiske trioen Krar Collective, Qawwali-brørne Meher & Sher Ali frå Pakistan og det ungarske seksmannsbandet Söndörgö som eit resultat av samarbeidet dei to festivalane imellom. 
 
Til festivalen kjem også det ungarske bandet Besh o DroM, og det vert eit gjensyn med dei kanadiske yndlingane Le Vent du Nord, som har gjort folkemusikk frå Quebec til allemannseige. 

Til Noreg for fyrste gong

Det spanske flamencofenomenet Maria Pagés har aldri tidlegare stått på ei scene i Noreg, og fredag 5. juli vert det ekslusivt når den prisvinnande koreografen og dansaren frå Sevilla står på scenen i nettopp Førde. 

- Dette er den største profesjonelle danseproduksjonen som nokon gong har vore vist på festivalen. Det er eit skikkeleg løft for oss, og det er berre å glede seg til sjå åtte flamencodansarar og fire musikarar i aksjon, fortel direktør for festivalen, Hilde Bjørkum.

Kartellet - gruppe-10
Dansekompaniet Kartellet kjem til Førde.

Sterke norske namn

Festivalen har også i år ein heil del norske namn på plakata. Dansekompaniet Kartellet, Spellemann-vinnar Ottar Kåsa, songaren Berit Opheim, plateaktuelle Unni Boksasp Ensemble, trekkspelar Linda Gytri og songar Kari Malmanger er nokre av dei som tek turen til Førde.

Det vert også eit gjensyn med oppsetninga Den vesle prinsen med Gro Marie Svidal, Ulf Arne Johannesen og Tom Karlsrud. Dessutan skal Majorstuen framføre tingingssverket Kvitre, og Gabriel Fliflet vartar opp med valseverket ”Valseria”.

Fleire nye konsertarenaer

 I tillegg til dei mange små og store konsertsalane i hovudarenaen Førdehuset, inviterer festivalen til konsert i mellom anna eit nedlagt skipsverft, ei gamle skulestove, utebarnehagar, ein park, på ein fjellgard, i kyrkja, på gardstun, i museumsstover og på Hafstadfjellet, 706 m o h.

-  I år vil vi til fulle utnytte at Førde ligg midt i eit naturparadis med fjell, fossar, vatn og brear på alle kantar, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.
 
Førdefestivalen går i år føre seg 4.-7. juli 
 

> SJÅ HEILE PROGRAMMET TIL FØRDEFESTIVALEN

 

ARTISTAR PÅ FØRDEFESTIVALEN 2013

 
Afel Bocoum & Alkibar 
Anna Cinzia Villani & Macuran Orchestra 
Aysenur Kolivar 
Berit Opheim 
Den vesle prinsen 
Elin Grytting 
Gabriel Fliflet – ”Valseria”
Indre Sunnfjord Spelemannslag 
Kalakan 
Kari Malmanger med band
Kartellet 
Kathryn Tickell 
Knut Buen & Leif Rygg 
Krar Collective 
Kuhmunen / Shishigin / Chief Dancing Thunder - The Rhythms of the Tundra 
Le Vent du Nord 
Linda Gytri 
Majorstuen 
Malick Pathé Sow & Bao Sissoko 
Meher og Sher Ali Qawwali
OqueStrada Tascabeat
Ottar Kåsa 
Roda do Cavaco 
Rustavi Ensemble 
Sandén – Nygårds – Carr 
Sarah Savoy & the Francadians 
Suo 
Söndörgö 
The Masters of the Sape 
Unni Boksasp Ensemble 
 

SPELELISTE 2013