Av Ida Habbestad, Bladet Folkemusikk
Foto: Oddleiv Apneseth

Musikalsk sett starta det i 1954. Einar var med i spelemannslaget frå byrjinga, då ein samla kreftene som til då hadde spelt for seg sjølv. Han flytta ut for å studera, og då han kom attende i 1968, hadde laget ei tid hatt låg aktivitet. Det var tida for å gje eit løft – og Einar løfta. Han tok leiinga og har halde i trådane sidan.

Han har òg vore engasjert i kampen om å få ”vera noko” i folkemusikkmiljøet, særleg i tida då interesseorganisasjonane skilde lag.

– Det er vanskeleg for meg å setja skilje mellom gamaldans og folkemusikk. Ein gjorde det for nokre år sidan, då det var konflikt i miljøet. Eg forsto det ikkje den gongen. I dag verkar det som dei unge tenkjer annleis. Dei spelar alle former for musikk; like gjerne reinlender som halling, og det er gledeleg. Eg meiner folkemusikken skal få romma både hardingfeletradisjonane og gammaldansformene, seier Einar.

Ikkje at han eigentleg er villig til å debattera den slags no.

– Du skal ha eit godt liv på dine gamle dagar. Då skal du ikkje hissa deg opp over ting, seier han.

I staden har han nytta tid på å skapa samhald. Dei siste åra har han arbeidd med å skipa til ein venskapsby med byen Kent i USA. Kommunane Naustdal, Førde, Jølster og Gaular er involverte, og samarbeidet skal mellom anna føra unge saman.

– Me vil gjerne skapa nettverk mellom ungdomar. Det veit me er viktig no, seier Einar og vert tankefull.

Arbeidet med venskapsbyen har samanheng med ei lang rekkje USA-turar. Først med spelemannslaget. Sidan på eige initiativ. Noko av det kjekke med turane har vore å finna att musikken frå dei som ein gong emigrerte. Frå Naustdal var talet på utvandrarar enormt, prosentvis mellom dei høgste i Noreg.

– Då eg oppdaga desse karane som heldt tradisjonen i hevd der borte, vart eg undrande i høve til korleis den skandinaviske folkemusikken hadde utvikla seg, fortel Einar.

– Du veit, landet er litt av ein smeltedigel, og ein finn døme på korleis folkemusikken har blanda seg med andre uttrykk der borte. Det eg har vore mest interessert i, er dei eg kallar ”oldtimers”, som faktisk har lært i tradisjonen etter dei som vandra ut. Hjå fleire av desse, som Jeff Andersson frå staten Washington, meiner eg ein kan høyra ein westernstil i musikken.

Har du leikt med tanken på å la denne utviklinga flyta attende i det norske?

– Nei, det tykkjer eg ikkje er rett. Men det er interessant. Då Alfred Maurstad var med i filmen Fant, spela han fele. Mellom anna spela han ein slått me kallar Nordfjordvalsen, som me trur er frå Nordfjord. Spør du ein svenske om kva melodi det er, svarer han truleg Svensk-Annas vals. I USA finn du han som Peek-A-Boo Walz, og det er her ein finn at han først vart nytta, i 1880. Teorien min er at songen kan ha oppstått i USA, og at han vart ført hit med somme av dei som returnerte til dei skandinaviske landa, seier Einar.

Han går gjerne i djupna på fagleg innhald. Djerv i blikket stoppar han opp om han har nytta fagterminologi, spør om eg heng med. Ikkje på nokon uvenleg måte. Meir som ein pedagog som brått forstår at han kanskje må nytta andre ord. Men mildt krevjande; det skal ikkje vera noka unnasluntring heller.

Kanskje er han slik når han underviser. Alle skal med. Ingen som søkjer opptak i laget, vert haldne utanfor. Men alt skal forståast på samlingane i spelemannslaget.

– Det er ikkje slik at eg leverer ut ein note og seier kom att nest veke. Nei, me sit og terpar – frå byrjinga, seier Einar.

Den eine veka øver dei, den andre spelar dei til dans. Når dei framfører ein melodi for første gong, er det ikkje sikkert alle kan han. Men ein kjem seg gjennom. Målet er ikkje å bli best, insisterer Einar. Som med stort tålmod lærer frå seg, frase etter frase, bogestrok for bogestrok, mot dette enkle målet: Musikken skal i bruk.

Det stendige arbeidet har hatt meining for mange. På mange måtar fyller spelemannslaget funksjonen som kulturskulen i bygda skulle hatt; skulen som finst på papiret, men ikkje i praksis.

Kva er det så som har drive han – gjennom alle åra med terping og nye innfall?

Einar drar på det. Han veit ikkje heilt.

– Det er veldig viktig å møta folk, å ha eit fellesskap, byrjar han.

Så kjem han ikkje lenger. Tankane er liksom så sjølvsagde. Han har ikkje reflektert mykje kring dette, verksemda har fått gå, slag i slag.

Eg forsøker på nytt.

Var det eit kall, eller fall det heilt naturleg, innsatsen for så mange? Kva har det betydd for han?

– Det er berre ein hobby. Eit menneske må ha hobbyar, svarer Einar.

– Om det er jakt eller spel eller fiske. Det er slik for oss alle. Eit menneske må driva på med noko.

Det er ikkje meir å seia om saka, og me er i ferd med å avrunda samtalen i konklusjonen om at kvar må byggja sin eigen kvardag, og finna det gode i den.

Men best som eg pakkar saman tinga mine, er det som om Einar startar opp på ny.
 
Har han fortalt at han held på å skipa til kurs i munnspel, etter den gamle metoden? Har han fortalt om nye innspelingsprosjekt? Kan han kanskje fortelja om ein inspirerande lærar han har møtt? At han snart skal leggja ut på reise?

Mannen som har passert 73-årsdagen, er langt frå sliten. Snarare verkar tiltakslysta sterkare enn nokon gong. Der dvelinga kring motivasjon og kjensler ikkje verkar viktig, gjev tiltaket i seg sjølv desto større kraft. Ei meistringsoppskrift, kanskje?

– Eg likar å byrja med ting, konstaterer Einar.

Første del av dette intervjuet kan du lese her. Intervjuet er henta frå Bladet Folkemusikk, nr. 4, 2011. Du kan lese meir om dette magasinet på denne sida.