I Gamlebanken i Førde møtast vokaltrioen Eplemøya Songlag og felespelar Marie Forr Klåpbakken til konkurranse om ein finaleplass i Intro-folk 2009. Konserten startar kl. 12.00, og finn stad i Gamlebanken i Førde. Juryen i Førde er Anne Moberg (juryleiar), Unni Løvlid, Steinar Ofsdal og Johan Sara jr.

Semifinalen på Førdefestivalen er den fyrste av tre semifinalar  i Intro-folk. Dei neste semifinalane vert arrangert på Jørn Hilme-stemnet og Kalottspel.  Finalen finn stad på Nordsjøfestivalen i Farsund i slutten av august.

 

Om semifinalistane på Førdefestivalen

Eplemøya Songlag


Liv Ulvik – vokal
Wenche Losnegård – vokal
Anja Eline skybakmoen – vokal


Vokaltrioen utforskar det musikalske landskapet  mellom jazzvokal og kveding.
Dei byggjer sitt repertoar på eigne komposisjonar, og tradisjonelt materiale
som dei arrangerer på sitt eige vis.
Songarane har trøkk og energi, og blandar humor, improvisasjon og forteljarkunst i sitt musikalske uttrykk. Sjå fram til ein stemningsfull og underfundig konsert!


LYD: www.myspace.com/eplemyasonglag

Foto
 

Marie Forr Klåpbakken


fele og vokal

 


Ein aktiv og allsidig felespelar frå Vinstra i Gudbrandsdalen med mange ulike prosjekt i elden, mellom anna folkrock-bandet ”Bergtatt”. På INTRO-folk står ho derimot på scenen som soloutøvar, med eit repertoar som spenner frå tradisjonelle melodiar til klassisk bluegrassinspirert musikk – frå det energiske til det sarte. Gjer deg klar for ei variert og vital musikalsk oppleving!


LYD: www.myspace.com/marieklaapbakken 


Foto | Hans Martin Austestad

 

Foto | Anne M. Steine