Kva fekk deg til å søke INTRO-folk?
Eg hadde ikkje tenkt til å søke. Men då eg var på Folkelarm 2008 og vann pris for "Årets soloalbum" var det fleire som kom bort til meg og sa at eg burde melde meg på som solist. Eg tykte det var litt vel skummelt, det å stå som solist. Tanken på å måtte lage ein konsert aleine skremde meg. Men i siste liten slengte eg inn ein søknad - noko eg er veldig glad for no.

Kva har vore det beste, mest lærerike og viktigaste for deg i løpet av INTRO-folk-åra?
Det er vanskeleg å seie kva som var mest lærerikt og viktigast. For alt eg har vore gjennom etter INTRO-folk-sigeren har vore både lærerikt og viktig for min del. Det beste må uansett vere samarbeidet med Trym Bjønnes, og det at eg fekk lov til å plukke musikarar frå øvste hylle til turnéen – at det vart lagt ned så mykje arbeid i å få nett dei eg ville ha. Produsent hos Rikskonsertane, Ane Roggen, sa til meg under prøvedagane til skuleturneen at: "Det viktigste er å være fri i musikken". Det har eg aldri gløymt, og det er vel kanskje det viktigaste nokon har sagt til meg.

 

Kim André Rysstad - vinnar av INTRO-folk `09
Kim André Rysstad vann INTRO-Folk 2009. Her med juryleiar Åse Kleveland under finalen i Farsund 2009. Foto: Eivind Kaasin

Kan du gi oss ei god historie og eit godt minne frå INTRO-folk-tida?
Etter finalen i Farsund var eg veldig misfornøgd med min eigen prestasjon. Eg var pottesur, rett og slett. Eg fekk beskjed av ein kamerat om å gå på rommet å sove litt. Det gjorde eg. Det varte og rakk før juryen vart ferdig og eg lurte eigentleg på om eg skulle gå og legge meg att, sidan eg ikkje kom til å vinne likevel. Brått gjekk døra opp og inn kom Dronning Åse (Kleveland. Juryleiar. Red.anm.). Då vart eg sittande, og følelsen som spreidde seg i kroppen då ho las opp mitt namn gløymer eg nok ikkje. Det er eit fint minne.

Eit anna eitt er då Trym Bjønnes og eg var på borneskuleturné i Akershus. På konsertane lærde me vekk omkvedet på ein gammal middelalderballade. Å høyre to hundre ungar synge omkvedet til "Heming" av full hals vart sterkt, og nokre gonger måtte eg take meg litt saman for ikkje å bli for rørt.

Elles var det stort å få samarbeide med Grappa, Knut Reiersrud, Anders Engen og Trym Bjønnes om den nye plata mi "Vegen". For ikkje å gløyme turnéen med superbandet, og Berit Opheim Versto som gjestevokalist. Me hadde turnébuss, ein fantastisk sjåfør som opna dører, bar koffertar og ordna opp. DET var lett å venne seg til.

Kvifor bør andre artistar søke INTRO-folk?
Om du er ein folkemusikar som har lyst til å utvikle ditt potensiale som artist og utøvar, nå eit breiare publikum, og kanskje nå utanfor folkemusikkmiljøet, vil INTRO-folk vere med på å gjere nettopp dette for deg. Det apparatet Rikskonsertane sit inne med av kontaktar og sitt enorme nettverk kan opne dører ein ikkje trudde var der. Å få jobbe med proffe produsentar som ikkje er redde for å vere direkte, komme med råd, tips og forslag til endringar ein sjølv ikkje hadde tenkt på, er gull verdt. Det er ein unik sjanse!! SØK!

Kor går vegen vidare for deg etter INTRO-folk?
Det er mykje som skjer no framover. Hausten min er fullbooka med turnear både i inn- og utland; eit par jolekonsertar med Torstein Sødal og Kristiansand Symfoniorkester, samt jolekonsertar og turné med nemnde Sødal og Maria Arredondo i Agder. Forhåpentlegvis vert det fleire konsertar med plateprosjektet mitt "Vegen". Samt nokre ting eg held hemmeleg inntil vidare. :) Ein kan ikkje røpe alt som skal skje!
 

Påmeldingsfristen for INTRO-folk 2012 er torsdag 13. oktober.

- Les meir og meld deg på her