Koreograf Hallgrim Hansegård satte igang valfaget «Fjelleik» på Valdres vidaregåande skule i 1999. No er han tilbake med utdanningsprogram i toppidrett – akrobatisk scenekunst.
Det er tenkt at 45 elevar skal lære tradisjonell folkedans og moderne akrobatikk. Linja blir den fyrste av sitt slag i landet, med inntaksprøver for hausten 2011 i mai 2011. Utdanningsprogrammet fylgjer den generelle planen til idrettsfag – toppidrett, og går over tre år.
- Dersom du kjem frå andre fylke enn Oppland, er det lurt å ta kontakt med inntakskontoret i ditt fylke for å førebu dei på at du søkjer dette utdanningsprogrammet. Fylket ditt lyt betala Oppland for plassen din, men sidan alle har rett til å søkje det programmet dei vil, og dette programmet finst i Oppland, skal fylket ditt i utgangspunktet akseptere ynskjet ditt, heiter det på www.frikar.com.
Lausdans erstattar innebandy
Koreograf i Frikar, Hallgrim Hansegård, fortel til NRK Hedmark og Oppland at danseopplæringa vil liggje som ei fordjuping under idrettsfag ved den vidaregåande skulen. Mange av dei tradisjonelle idrettsfaga blir erstatta med scenekunst.
- I staden for å spele innebandy og fotball, kan du drive med lausdans, capoeira, moderne dans og akrobatikk. Vi kjem til å stille med lærarressursar frå dei forskjellige disiplinane. Og det blir dei beste vi har i Frikar, seier Hansegård.
Det blir elles undervist i godkarstykke, moderne danseteknikkar, breaking, tøyakrobatikk, veggdans,kung fu og rytmikk.
Stor aktivitet
Fire av seks utøvarar i fyrste kull frå Frikar-akademiet er denne hausten med på Frikar sin “KRUK!”-turné, som er den største danseturneen i Riksteatret si historie. Alle elevane fekk óg opptre med Frikar på Nasjonalballetten sitt program på Operaen mai 2010. Fire av dei dansa jamvel for 300 millionar TV-sjåarar under Eurovision-finalen 2010.
Ein eigen blog om “KRUK!”-turnéen finn du på http://www.frikar.com/blog/.
SJÅ VIDEO OM FRIKAR-AKADEMIET: