- Eg ser fram mot å jobbe med to så veletablerte arrangement. Det å få vera med å forme noko som er bygd opp med så mykje entusiasme gjennom årrekkjer er både moro og litt skummelt på same tid, mange har hjarte for arrangementa, uttaler Anne-Marte Før.

Ho  understrekar at ho i fyrste omgang gledar seg til å koma i gang og bli betre kjent med arbeidet som ligg føre ho.
 
Anne-Marte Før kjem frå jobben som dagleg leiar for Isfolket AS. Ho er difor godt kjent med kulturarrangement generelt og festivalmiljøet i Valdres spesielt. I haust og vinter har ho i tillegg vore med i programnemda for Jørn Hilme-stemnet og kjenner difor også arrangementet frå innsida.

Ho har dessutan ein bachelorgrad i kulturprosjektleiing som ho vil få god bruk for i denne jobben.

- Me er sikre på at det er ein svært godt kvalifisert leiar som no tek over roret, seier avtroppande dagleg leiar, Stian Roland.

Valdres Folkemusikkarrangement AS er eigd av Valdres Folkemusikklag, og har i oppgåve å arrangere Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. Jørn Hilme-stemnet er Noregs eldste folkemusikkfestival, som går føre seg på Valdres Folkemuseum i veke 30 kvar sumar. Strunkeveko er det største sumarkurset i folkemusikk og -dans for born og unge i Noreg.

Interesserte finn heimesidene til Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet her. Denne nettsida er eit fellesprosjekt mellom Valdres folkemusikkarrangement AS og Valdres folkemusikklag. Du kan óg lese om teaterprosjektet Isfolket på denne sida.