Smørbukk-kappleiken på Mo i Førde er ein uformell arena der barn og unge får synge, spele og danse for kvarandre, og møte andre unge i fylket med same interessa.

- Her er det plass til alle, uansett nivå! Alle som deltek får Smørbukk-karamellar i premie, og i tillegg kårar ein jury nokre vinnarar som får premiar sponsa av Norsk Barneblad, melder Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

På Smørbukk-kappleiken 2011 kårar ein m.a. Årets smørbukk - ein pris til den/dei som utmerkjer seg på ein positiv måte i høve til formidling, kreativitet og musikalsk innleving. Det vert også pris til den/dei som har beste kostyme inspirert frå slåtten/songen/dansen dei framfører, eller beste kostyme inspirert av ein av rollefigurane i eventyret om Smørbukk.

I tillegg skal Årets sjarmør og humørspreiar, Årets beste nylaga slått/song/dans og Årets mest morosame innslag bli kåra. Det blir óg felles dans, leik og moro. Det heile går føre seg laurdag 12. mars, og tek til klokka 11.30 på føremiddagen.

- Frå 0 år og oppover.

Også i Øystre Slidre i Valdres legg ein opp til aktivitetar for barn og unge.

- Vi prøver no ei ny vri på ”Lått o Leven”, frå null år og oppover. Det blir sang, hallingdans, langeleik, torader og fele. Vi må óg  ha ei pause med frukt inniblant, seier arrangørane.

- I dei seinare åra har mange i miljøet fått barn. Alt er gratis, men vi håper foreldra hjelper oss med speling, dans og sang. Svært hyggeleg hadde det vore om også småbarnsforeldre frå andre kommunar vil ta del.

”Lått o leven” går føre seg frå klokka 10 til 12, pga. sovetider for dei yngste. Første gong er søndag 13. mars kl 10.00 – 12.00,  i gymsalen på ungdomsskula i Øystre Slidre. Arrangørar er Øystre Slidre spel- og dansarlag. 

Vi tek óg med at Laget for folkemusikk og Oslo musikk- og kulturskole 11. og 12 mars inviterer til helgesamling for barn og unge frå 7 til 18 år, på Ila skole i Oslo.