Osafestivalen har namnet sitt etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90), og presenterar autentisk tradisjonsmusikk frå ulike kulturar, med stor vekt på norsk repertoar. Festivalen vil òg vise dei gode og utfordrande eksperimenta, m.a. ved å presentere musikk der etablerte skilje mellom "komponert kunstmusikk", " improvisert musikk" og "tradisjonsmusikk" blir utfordra.

I år har festivalen valt å fokusere på sjanger- og tradisjonsmøter, og tema for årets festival er SymbiOsa. Om årets tema seier festivalen følgjande:

”Vi har latt oss inspirere av Sigbjørn Osas evner til å vri å vrengje på namnet sitt. Årets tema blir SymbiOsa. Sjangrar og tradisjonar møtast, symbiose oppstår, i Osas ånd. Likevel betyr ikkje dette at alt rørast saman til vassen graut! Vår festival formidlar både tradisjonane og dei sterke, personlege uttrykka, lar dei møtast og virke saman, der kreative musikarar intuitivt kjenner at det er naturleg. Å være SymbiOsa-musikar krev  balanseevne og god smak. Vi har funne desse musikarane og vi gir dei store utfordringar. Resultatet blir, trur vi, ein fargerik og overraskande festival.”


På programmet står mellom anna:

  • Årets festivalmusikar, Rolf Lislevand.
  • Gjermund Larsen Trio
  • Valkyrien Allstars
  • YR, danseforestilling med Hallgrim Hansegård, Ragnhild Hemsing, Dimitris Kostopoulos
  • SymbiOsa-konsert, med Ale Møller, Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen, Gjermund Larsen
  • Gro Marie Svidal
  • Familiekonsert  med Ivar Kolve, Morten Færestrand, Ole Marius Sandberg
  • Trio Vanjolo , Laila Kolve, Ragna Ringset, Einar Mjølsnes.
  • Tingingsverk av Lasse Thoresen med Nordic Voices og  Berit Opheim Versto
  • Triple Jump, Steinar Ofsdal, Sara Chen, Sanskriti Shrestha
  • Dansekveld med Trøndhar og Voss Spelemannslag mfl.
  • Les Witches med ”Konge av Danmark” - musikk slik Christian IV høyrde den.
  • Konsert med studentane på Ole Bull: Tove Dalbakk, Laura Ellestad, Hilde Fjerdingøy, Ida Furusæter, Kari Finne Sognnæs, Leif Erik Stuhaug, Ingebjør Sørbøen, Ellen Thuland.
     
  • Folkemusikkpub med open scene
     
  • Seminaret "Variasjonar og improvisasjonar i folkemusikk og tidlegmusikk” med  Rolf Lislevand,  Jostein Gundersen, Steinar Ofsdal, Berit Opheim Versto, Håkon Asheim m.fl.

 

Festivalen vert arrangert 22. – 25. oktober og går føre seg på Voss.