Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk (spel, dans og kveding) kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena.

Det er 12.gongen Sjokoladekappleikeni Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999, og alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 – 20 år. I fjor var det ca 40 ulike innslag på scena, med  kring 100 born som spela, song og dansa på Granvin. Ungar frå både Bø, Hjartdal, Nome, Seljord, Tokke, Vinje og Asker deltok på kappleiken i fjor.

I år melder arrangøren om flotte premiar til dei som vågar seg frampå scena heilt åleine. Det blir også utdeling av Magne Manheims inspirasjonspris for 6.gong.  

 
 
PRAKTISK INFO
 

Dato:     Laurdag 20. Mars
Stad:      Granvin Kulturhus, Seljord
Tid:        kl 12.00 – 18.00

Påmelding frå kl 11.

Førehandspåmelding kan også skje til Brit Merete Funner, tlf. 986 13 975, eller e-post: bmfunner@online.no

For registreringsarbeidet er det til stor hjelp med førehandspåmelding av grupper eller lag; helst med namn på dei som er med i laget, alder, adresser og gjerne kven dei har lært av.

Pris:        born og deltakarar gratis / vaksne kr 50,- (inkl/ saft, kaker og kaffi)