Innspel og ordskiftet etter landskappleiken 2009 har aktualisert eit behov for å gå svært nøye inn på kva vi meiner er ”folkesong” og kva stiltrekk og uttrykk som skal tilleggjast vekt i dømming på kappleik. Seminaret 21. februar vert det fyrste av to seminar, særleg retta mot utøvarar, kappleiksrekruttar og dei som har vore / vil vera kappleiksdommarar, og elles alle interesserte.
SEMINAR 1 skal ha fokus på stil, stilkjensle, dei ulike sjangrane og geografiske særtrekk og variasjonar og har som mål å klargjera korleis vi set ord på det vi framfører og kva som kjenneteiknar stil og uttrykk i kveding/folkesongen.
- Gunnlaug Lien Myhr, utøvar og medlem i gruppa som utarbeidde dommarskjemaet, orienterer om terminologien i skjemaet og tankane om bruken.
- Gunn Gausemel, tilsett i folkemusikkavdelinga i NRK, presenterer døme frå kappleiksopptak for lytting og samtale.
- Ingrid Gjertsen, leiar for Arne Bjørndalsamlinga, Universitetet i Bergen, har eit musikkfagleg innlegg om stil og uttrykk i folkesongen.
SEMINAR 2 i mai/juni går direkte på folkesongen på kappleikarenaen og tek for seg formidlingssituasjonen, dømming, reglement og dommarskjemaet som arbeidsreiskap. Spørsmålet om grenseoppgangen mellom det som er / ikkje er tradisjonell folkeleg dyrka song har vore emne for mange seminar, men er tilbakevendande og aktuelt for stadig nye grupper. Det er derfor viktig at det på nytt er sett på dagsorden.
Norsk kvedarforum takkar FolkOrg for initiativet og vonar at særleg mange utøvarar er med på seminaret og bidreg til å klargjera det viktige spørsmålet om musikalske og kunstnarlege uttrykk i folkesongen vår. Vel møtt til spennande kvedarkveld og eit viktig seminar
PROGRAM
Dato: Sundag 21. februar
Tid: 12 – 17
Stad: Oslo, hjå Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen
12.00 | Opning av seminaret |
12.10 | Gunnlaug Lien Myhr: Om dommarskjemaet på kappleik. Terminologien i skjemaet og retningslinene om bruken. |
12.40 | Debatt |
13.00 | Kaffe |
13.15 |
Gunn Gausemel presenterer eksempel frå kappleiksopptak i NRK.
|
14.30 | Mat |
15.00 | Oppsummering av gruppearbeidet |
15.45 | Kaffe |
16.00 | Ingrid Gjertsen: Ulike stiltrekk i folkesongen |
16.30 | Debatt |
17.00 | Oppsummering. Avslutning Vi inviterer utøvarar, folkesongelevar og -lærarar og alle interesserte til eit spennande seminar. |
PÅMELDING
Meld fra til Folkemusikk og folkedansorganisasjonen innan torsdag 18 februar.
E-post: post@folkemusikk.no eller tlf 22 00 56 90
Seminaret er gratis.
Arrangør
FolkOrg i samarbeid med Kvedarforum