Det er i ein kommentar i Hallingdølen i helga at tidlegare redaktør i Nynorsk pressekontor og gammaldansmusikar Arne Sigurd Haugen skriv eit krasst innlegg om utdelinga av Folkelarmprisane. Han seier at han var positiv då Folkelarmprisane i si tid vart oppretta som eit alternativ til Spellemannsprisen, men at det no er i ferd med å ende som ein lapskaus.

Han spør kvifor LfS ikkje utvidar Folkelarmprisen til å gjelde alle sjangrar i folkemusikken, fordi han trur det er viktig med synleggjering av alt det LFS representerer.

Du kan lesa saka i Hallingdølen og gjerne koma med kommentarar under her.