I vår platedebuterte Aasmund Nordstoga med ”Ein Visefugg” til gode kritikkar frå platemeldarar landet rundt. Sidan har plata seld til gull, og har vore heile 12 veker på VG-lista med femteplass som beste plassering. No er Aasmund på turné saman med sine gode støttespelarar Abildsø spelemannslag. Forutan Nordstoga sjølv, er Abildsø spelemanslag sett saman av Daniel Sandén-Warg (feler), Jørund Fluge Samuelsen (munnspel og fløyter), Åsmund Reistad (gitarar), John Vinge (tangentar) og Sondre Meisfjord (kontrabass. Denne veka avsluttar dei noregsturneen med konsertar på følgjande plassar:

Tirsdag 27.10:  Larvik kulturhus, Bølgen
Onsdag 28.10:  Askim Kulturhus
Torsdag 29.10:  Ørland kultursenter
Fredag 30.10:  Steinkjer, Dampsaga Kulturhus
Lørdag 31.10:  Røros, Storstuggu

 

Om visefuggen

Ein visefugg er rett og slett ei notisbok eller ein liten bunke med viseavskrifter - mykje brukt før bandopptakarens tid, men slett ikkje uvanleg i vår tid heller – rett og slett eit realt kulturminne som finst i vesker, skuffar, hyller og skåp over heile landet. I Aasmunds visefugg er der folkeviser, revyviser, rallarviser og viser med skillingsvisepreg. Alle er frå fyrste halvdel av 1900-talet eller tidlegare. Fellesnemnar for dei er at dei tenderar mot det burleske, og ein kan tenkje seg at visediktaren vil riste litt opp i besteborgaren, provosere og kritisere. Her er både rallar og prelat, himmel og helvete, kjærleik og lyst. Det er viser med klo og brodd, der forfattaren var svært medveten om at adressaten tok det til seg og kunne bli fornærma. Men dei verkar nok ikkje på same måten i dag som då dei var ferske. Me vil nok sjå dei meir som morosam, velforma kvardagslyrikk.
 

Om Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er mjølkebonde på garden Plassen i Vinje i Telemark, men er nok betre kjent som folkemusikar. Ein del vil også kjenne han att som kanalvert på NRK-fjernsynet for nokre år sidan. I fjor haust turnerte han med framsyninga Storegut i lag med bror Odd og hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås. Med Ein visefugg tek han for seg den folkelege visetradisjonen her til lands.