Vågå Spel og Dansarlag har gjennom fleire år vore ein svært aktiv arrangør. Laget har arrangert Landskappleiken i 1965, 1996 og 2002, og like eins Landsfestivalen i Gammaldansmusikk i 1991, 2007 og 2012. Alle arrangement med stor suksess. I 28 år har laget arrangert den tradisjonsrike Folkemusikktreffen siste helga i januar -med konsertar, kurs og dansefestar. Laget var elles tidleg ute med å arrangere Folkemusikkpub. Me tok en ein prat med Hilde Reitan frå Vågå Spel- og dansarlag.
Hilde Reitan
Hilde Reitan frå Vågå Spel- og dansarlag.

Kva er kjenneteiknet på ein god konsert? 
- Ein vellykka konsert er når du kjenner at sal og scene er på bølgelengde.  Når dialogen og formidlinga mellom utøvarar og publikum er til å føle på. Det skjer når tilrettelegginga og konserten er godt planlagt, og med dyktige utøvarar.

 
Kva for styrke har de som arrangør?  
- At vi har brei og solid erfaring med å arrangere. Gode tilretteleggjarar og gode programleiarar. Vi har og gode lokalitetar av ymse slag. Lyd og tekniske løysingar har alltid vore prioritert. Vidare er det viktig at det er lokal tradisjon for å stille opp på konsertar. I Vågå er vi og velsigna med særdeles mange dyktige lokale utøvarar, når det er dei vi byr på. 
 
- Elles er vertskapsrolla umåteleg viktig. Folk må føle seg velkomne og bli godt tekne vare på!
 
Korleis ser ditt draumearrangement ut?  
- Når publikum, arrangørar og utøvarar smiler og er tilfredse!  Det er det beste barometeret på eit vellykka arrangement.
 

 

Om Prisen «Årets Folkemusikkarrangør»
«Årets Folkemusikkarrangør» en pris som eies av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Prisen som skal synliggjøre godt arrangørarbeid, og hedre de beste arrangørene. Samtidig skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling  og utvikling på arrangørfeltet. 

 
Kriterier for «Årets folkemusikkarrangør»
«Årets folkemusikkarrangør» velges av styret i FolkOrg, på bakgrunn av nominasjoner. Det er åpen nominasjon, og arrangører kan også melde sitt eget kandidatur. Det er ingen absolutte kriterier, men det skal i vurderingen tas hensyn til følgende elementer:
  • Programmering / kunstnerisk profil. 
  • Publikumsoppslutning. 
  • Evne til å skape blest, interesse og entusiasme for arrangementa og musikken.
  • Evne til nyskaping i formidlinga av musikken og arrangementa.
  • Samfunnsansvar, og bevissthet rundt påvirkning på mennesker, samfunn og miljø
  • Soliditet i organisasjonen
  • Progresjon i drift / evne til utvikling