Folkemusikkforumet Trad Session i Fredrikstad er ein relativt ny aktør på folkemusikkfeltet, og har eksistert sidan 2007. Det er resultatet av eit samarbeid mellom Østfold Musikkråd, St.Croix-huset (eit kommunalt allaktivitetshus) og leiar og musikalsk vert Richard Burgess. 

Namnet Trad Session kjem av at alle arrangementa inneheld ei avdeling med ”session” der det lokale folkemusikkmiljøet bidrar med improvisert samspel. Dette er eit viktig element i Trad Session-konseptet og er med på å skape stemning og minske avstanden mellom scene og publikum, seier primus motor Burgess. 

Trad Session arrangerar åtte konsertar i året, fire på våren og fire på hausten. Dei fleste konsertane vert helde på St.Croix-husets lille kaféscene. Kulturhuset har óg ei storscene for større arrangement. St.Croix-huset står for det praktiske med servering, lydanlegg og lydteknikar. 
 
Trad Sessions - Fra de mollstemte skoger_liten
Trad Sessions med gruppa - Fra de mollstemte skoger

Oppskrifta på suksess

I samband med nominasjon for årets lokallag stilte med stilte leiar og musikalsk vert Richard Burgess nokre spørsmål. 

Kva meiner du kjenneteiknar ein god konsert?

-  Ein god konsert er som ei god bok – den skal endre livet ditt! 

Kva for styrke har de som arrangør?

- Vi tar godt vare på artistane våre og lager ei avslappa, intim stemning for publikummet. 

Korleis ser ditt draumearrangement ut?

- Ein flott, godt besøkt konsert med glimrande artistar som vert avslutta med ein heidundrande session – der artistane kanskje også er med?
 

> Følg Trad Sessions på Facebook

 

Om Prisen «Årets Folkemusikkarrangør»
«Årets Folkemusikkarrangør» en pris som eies av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Prisen som skal synliggjøre godt arrangørarbeid, og hedre de beste arrangørene. Samtidig skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling  og utvikling på arrangørfeltet. 

 
Kriterier for «Årets folkemusikkarrangør»
«Årets folkemusikkarrangør» velges av styret i FolkOrg, på bakgrunn av nominasjoner. Det er åpen nominasjon, og arrangører kan også melde sitt eget kandidatur. Det er ingen absolutte kriterier, men det skal i vurderingen tas hensyn til følgende elementer:
  • Programmering / kunstnerisk profil. 
  • Publikumsoppslutning. 
  • Evne til å skape blest, interesse og entusiasme for arrangementa og musikken.
  • Evne til nyskaping i formidlinga av musikken og arrangementa.
  • Samfunnsansvar, og bevissthet rundt påvirkning på mennesker, samfunn og miljø
  • Soliditet i organisasjonen
  • Progresjon i drift / evne til utvikling