”Når du er borte” er ei framsyning "der fokus ligg på spennet mellom liv og død, å vera, ikkje vera og det å nesten vera". Regien er ved Mette Brantzeg.

- Døden er eit tabubelagt tema til tross for at det er noko alle har eit forhold til. Utøvarane lover ei framsyning for alle, fordi ho opnar for ein kvar sine assosiasjonar, ho dømmer ikkje, ho undrar og dvelar og gir deg mediterande, vakker og sterk musikk, skriv Ryfylkemuseet på sine nettsider.

Åshild Vetrhus frå Suldal arbeider ved Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, som har heile Rogaland som arbeidsfelt. Det er  i desse samlingane ho har funne salmane frå Ryfylke. Arrangementa er inspirert av dei unike liksongtradisjonane frå Suldal. Slik fører ho, saman med Sigbjørn Apeland frå Sveio på trøorgel/piano og songar Solbjørg Tveiten frå Kvam i Hardanger, vidare dette særprega uttrykket.

Ryfylkedagane blir arrangert i begynnelsen av juni kvart år. Det er kyrkja i Suldal og Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, som står som arrangør for dei to konsertane.

Framsyningar under Ryfylkedagane:

  • Suldal kyrkje, Suldalsosen, laurdag 4. juni, kl.19.30
  • Erfjord kyrkje, Erfjord, søndag 5. juni, kl 19. 00

Her kan du lese meir om samlingane til Folkemusikkarkivet for Rogaland. Hovudsida til Ryfylkemuseet finn du på denne lenka. Heile programmet til Ryfylkedagane 2011 kan du studere nærare her. "Når du er borte" har også ei eiga side hos MySpace, der du kan høyre døme på musikken.