– I utgangspunktet hadder vi sagt at vi skal søkje arrangementet i 2013, men da vi nå vart spurd om å ta festivalen i 2012, sa vi ja til det, seier Tor Stallvik, leiar i spel- og dansarlaget, til avisa Fjuken.

– Styret gler seg til å ta fatt på oppgåva. Vi har lang røynsle i å skipe til gode arrangement, men mykje har skjedd sia 2007, da vi sist var vert for festivalen. Vi treng derfor gode innspel frå heile medlemsflokken for å lage ein festival der folk vil trivast, skriv Vågå Spel- og Dansarlag på heimesidene sine.

Vågå Spelmannslag vart stifta 24. april 1952, med Petter Eide som første formann. Laget har i alle år vore aktive når det gjeld deltaking på kappleikar og andre arrangement, reiser, konsertering, deltaking i ulike kulturarrangement både lokalt og elles, medverknad i radio og fjernsyn, og ikkje minst i å arrangere større stemne sjølve.

Laget har stått for distriktskappleiken i 1955, 1962, 1967, 1978 og 1983. Landskappleiken vart òg arrangert i Vågå i 1964, 1996 og 2002. Landsfestivalen har vore arrangert her i 1991, i 2007 – og no altså også i 2012.

I styret i Vågå Spel- og Dansarlag finn vi Tor Stallvik (leiar); Lene Grothe,(nestleiar), Trond-Ole Haug (sekretær), Gunvor Brenden (kasserar), og Kjærsti Gangsø (materialforvaltar). Laget hadde 147 medlemmer ved inngangen til 2011, og har dessutan 14 æresmedlemmer. 

I januar i år stod dei for Folkemusikktreffen, der rundt 30 spelmanslag og grupper var påmeldt til dansespeling på Vågå hotell. Her var det òg eit eget minnearrangement for den legendariske spelmannen Ola Jakupsson Ringneset. Også Gudbrandsdalskappleiken i 2010 gav gode tilskott til lagskassa.

Fjukjen, som er lokalavisa for Ottadalen, fortel òg at sommaren neste år byr på mange kulturarrangement i Nord-Gudbrandsdalen. I tillegg til Landsfestivalen i Vågå, skal Landskappleiken arrangerast på Otta, Dansefestivalen på Sel og 400 års jubileum for Slaget i Kringom på Otta.

Interesserte finn meir om Vågå Spel- og Dansarlag på denne heimesida. Du kan óg lese om dei mange aktivitetane i fjoråret ved å gå vidare til denne årsmeldinga. Landsfestivalen for 2011 er som kjend i Oppdal, og har denne heimesida.