“Blåhimmeldag” er eit arkiv av Inge Gjevre sine komposisjoner, en dobbelplate med slåttespel på den eine og runddans på den andre. Halvparten av stoffet er solospel på durspel, medan resten er i samspill med flere av Inge sine favorittmusikarar.

På dei to platene medverker Vidar Skrede (gitar), Leif Inge Schjølberg (fele), Jan og Ola Visdal (trekkspel og kontrabass), Frode Lauvstad (gitar), Stein Villa (harpe og gitar), Reidar Svare (vokal), Egil Hartberg (piano), Herman Schultz (kontrabass), samt Jutullaget. I tillegg trakterer Inge Gjevre sjølv torader og trekkspill.

Samlinga inneheld i alt 56 “leikje”, fordelt på 46 spor.

Inge Gjevre er født i 1976. Han er opprinnelig frå Vågå, og no  bosatt på Lillehammer. Begge foreldrene er frå Valdres, der bestefar var folkedansar og hardingfelespeler.

- Eg har vokse opp med en sterk runddans- og folkemusikktradisjon i Vågå. Så i tillegg til runddansane så spelar eg mykje Vågåspringleik, halling, lyarslåttar og marsjar, forteller han.

Inge Gjevre er ein aktiv musikar, og speler for tida i desse gruppene: Vågåmål, Jutullaget og Avbrekk, samt jazzgruppa RAS på Lillehammer. I tillegg samarbeider han med Vidar Skrede og Stein Villa, og hadde nyleg ein konsert på Rudi Gard med Villa, der dei spelte materiale frå den nye CDen.

- I tillegg samarbeider eg med lyrikar Trond Klaape. Denne våren har Trond og eg hatt nokre forestillingar der Trond tolkar, deklamerer og syng tekstar av mange diktarar, m.a. med tilknytning til vårt område. Sjølv spelar eg torader, trekkspel og gitar til tekstane.

Inge deltok ikkje på kappleik i år, men han har vunne sin klasse; Solo, durspel, bygdadans, dei tre foregående gongene. Sist helg fekk han ein flott vandrepremie på Jørn Hilme-stemnet for tre napp dei tre seinaste år i den. Det er 5. gong han har vunne den kappleiken på fem startar.

Sist november var Inge Gjevre og Per Anders Buen Garnås tatt ut av FolkOrg til å representere Noreg i Nordisk Folkemusikkmesterskap i Sälen som solistar. Inge delte der 2.plassen med svenske Emilia Amper.

Ellers fekk Inge Gjevre ein 1. og 3. plass på Landsfestivalen i gruppespel på Oppdal med gruppene Avbrekk og Vågåmål.

Inge jobbar til dagleg som musikklærar, i tillegg til mange kurs, konsertar, komponeringsoppdrag og dansespelingar.

Interesserte må gjerne gå vidare til www.ingegjevre.no/. Her får du meir informasjon rundt innpelinga, samstundes som du òg kan kjøpe den ferske CDen.