I grunngjevinga har Hovudutval for kultur lagt vekt på at Sigrid Moldestad er ein særs dyktig formidlar.
- Ho representerer fylket på ein framifrå måte slik at ho står fram som ein god ambassadør for Sogn og Fjordane. Ho framhevar nynorsken, og held god kontakt med heimbygda og det frivillige lagsarbeidet der ho starta si løpebane som felespelar i Breim spelemannslag, heiter det i grunngjevinga.
Moldestad har dei siste åra slått igjennom på landsplan og har vunne mange prisar; sist helg vart ho tildelt Lutt-prisen av NRK Sogn og Fjordane. I tillegg er ho Årets folkemusikar for 2010, ho vann Folkelarmprisen 2010 for plata ”Sandkorn” og fekk også heimkommunen Gloppen sin målpris for 2010.
Ho har i tillegg to Spellemannsprisar, og har hatt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend i 2001 og 2002.
Sigrid Terese Moldestad er frilansmusikar med base i Bergen. Ho lærde felespel av sterke tradisjonsberarar i Breim spelemannslag, og vart seinare uteksaminert på det første kullet ved den toårige Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss.
Fylkeskulturprisen vert delt ut på komande fylkesting som finn stad i Fylkeshuset på Hermansverk 14. og 15. desember.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag er i dag bland dei første som gratulerer med prisen - noko Folkemusikk.no berre kan slutte seg til.