Spelejobb på bransjetreffet by:larm, plateutgjeving, høgfjellskonsert på Skåla (1848 moh), fele-akrobatikk saman med komikar Linda Eide i framsyninga Jaktstart med Felebytte, og ei omfattande konsertverksemd er berre noko av det felespelaren, songaren og historieforteljaren Sigrid Moldestad har vore med på i år. Det heile vart toppa med bransjetreffet Folkelarm i haust, der ho vart heidra med tittelen "Årets Folkemusikar". I tillegg til den gjeve prisen vann ho også Folkelarmprisen i Open klasse for utgjevinga Sandkorn.
ÅRETS FOLKEMUSIKAR: Sigrid Moldestad vart heidra under årets Folkelarm. Prisen vart delt ut av kulturminister Anniken Huitfeldt. Foto: Eivind Kaasin |
Folkemusikken som botnklang
Sandkorn, som er Sigrid si andre soloplate, kom ut i vår og hausta svært gode kritikkar i pressa. På plata blandar Moldestad eigne songar med nynorske gjendiktingar av den skotske nasjonalpoeten Robert Burns (1759-1796), samt tekstar av sunnfjordpoeten Jakob Sande (1906-1967). Folkemusikken ligg fortsatt som ein sterk botnklang i musikken, men har også fått impulsar frå mange andre hald. Musikken er både av ny og gamal årgang, i eit spenn mellom folk / vise / country & blues.
Noregsturneen startar på Riksscenen i Oslo på måndag, med påfølgande konsertar både i aust og vest. I tillegg går også turen til London og konsert på Kings Place, og seinare til den prestisjetunge folkemusikkfestivalen Celtic Connections i Glasgow.
Turnérute:
9. november: Riksscenen, Oslo
10. november: Vertshuset, Bø i Telemark (Bø jazzklubb)
12. november: Kings Place, London
13. november: Gregers, Hamar
14, november: Union scene, Drammen
17. november: Vangskyrkja, Voss
18. november: Madame Felle, Bergen
19. november: Rica Sunnfjord hotell, Førde
20. november: Stryn kulturhus