Styret i FolkOrg ser med glede at det blir dratt opp debattar om framtida til organisasjonen på våre nettsider.
FolkOrg har no om lag 1,5 år bak seg som ein organisasjon etter samanslutninga av Landslaget for spelemenn og Norsk folkemusikk- og danselag i november 2009. På den tida har vi hatt tre årsmøte der vi har etablert organisasjonen med vedtekter og prinsipp. I tillegg har vi samla to administrasjonar til ein, samstundes som det har vore ein god del utskifting av tilsette. Det har vore ein spanande prosess, men og tidkrevjande. No er vi klare for dei store diskusjonane om framtida.
FolkOrg er ei samanslutning og for å få ei vellukka samanslutning, må vi i slike prosessar finne organisatoriske løysingar som begge dei to tidlegare organisasjonane kan leve med. Representasjon i styret er eit døme. Vi trur og håpar at vi har funne ei slik løysing no, noko som og vedtaket på årsmøtet viser.
Vi er einige i at vi må sjå framover, og at det er viktigare at ting vert betre enn at det er nytt. FolkOrg skal difor ta vare på dei gode tradisjonene fra dei to organisasjonane vi kjem frå. Samstundes er samfunnet i stadig endring. Det har òg innverknad på vårt miljø, i tilegg til at endringar også kjem innanifrå miljøet. Vi som organisasjon må ta omsyn til dette, og arbeide slik at han er tilpassa den tida vi lever i. Endringar vil det verte, og forhåpentlegvis vil dei endringane bli til det betre.
Vi skal arbeide både med tradisjonane og vere ein moderne organisasjon, slik òg visjonen til FolkOrg er:
”Vi vil engasjere medlemmer og publikum gjennom å vise mangfald, eigenart, aktivitet, musikkglede, danseglede, og framstå som ein livskraftig, moderne kulturorganisasjon med røter i tradisjon.”
Organisasjonen skal ha med seg heile miljøet. Vi er overtydde om at dei aktive lokalmiljøa og yrkesutøvarar innan feltet vårt, er gjensidig avhengig av kvarandre. FolkOrg skal arbeide til det beste for alle desse, men vi skal ikkje vere ein fagorganisasjon som forhandlar løn og tariffar. Det er det til dømes Musikernes Fellesorganisasjon som tek seg av.
På årsmøtet på Røros tidlegare i vår hadde vi ein god og engasjert diskusjon kring handlingsplanen til FolkOrg. Både framlegga frå styret og framlegg frå salen vart samrøysta vedteke. Det tyder på ein organisasjon som i stor grad vil i same retning. Det lover godt for framtida til FolkOrg. Det var stort fokus på opplæringa i diskusjonen, og samarbeid med kulturskulane stod sentralt. Framlegget om å ha ei felles kurshelg for både lokallag, pedagogar, instruktørar, dommarar, utøvarar og arrangørar fall i god jord. For eit samla årsmøte var det og viktig å ha stort fokus på folkedansen. Det er mange gode mål i handlingsplanen, styret skal nå i gang med å prioritere kva vi skal gjere først.
Rekruttering er viktig for organisasjonen. Årsmøtet vedtok eit mål om at talet på medlemmer skal auka med 25 % i fireårsperioden. For å nå det målet vil vi arbeide for å formidle og vidareutvikle medlemstilboda, og sette i gang ein vervekampanje. Medlemsrekruttering skjer og ved gode aktivitetar i lokallaga og ved at dei unge har dyktige utøvarar å sjå opp til . Medlemmene i FolkOrg må oppleve at dei har noko igjen for å vere med.
På same måte ønskjer vi å få fleire abonnentar av bladet Folkemusikk. Først og fremst gjennom at bladet held høg kvalitet, men og gjennom marknadsføring og vervekampanjar.
Styret har mange gode diskusjonar om kva vi skal arbeide med i FolkOrg framover; til dømes på kva måte vi skal drive med domaropplæring og tevling. Kva slags form skal dei store arrangementa våre ha i tida som kjem? Kvile-utvalet har levert rapporten sin om NM i folkemusikk, og den vil bli lagt ut på høyring. Dei store arrangementa vil bli tema på seminaret under årsmøtet i 2012. Vidare drøftar styret og administrasjonen på kva måte vi best skal arbeide for at vi får fleire og gode arrangørar av dansefestar, framsyningar og konserter rundt om i landet. Det blir særs viktig når Rikskonsertane legg om dei offentlege konsertane, og det blir meir pengar å søke på i Kulturrådet for arrangørar og musikarar.
Styret i FolkOrg ønskjer gode og konstruktive innspel til diskusjonar om kva vi skal arbeide med i tida framover.
Arbeidstutvalet i FolkOrg
Maria Høgetveit Berg Nils Øyvind Bergset Mari Skeie Ljones
Styreleiar Nestleiar Nestleiar
Debatten starta med eit innspel frå Ivar Schjølberg, som du kan lese på denne lenka. Dette vart m.a. kommentert av Frode Rolandsgard, noko du kan lese meir om her. Større innlegg i saka kan gjerne sendast rett til redaksjonen.