Årsmeldinga for FolkOrg i 2010 er skrive med direkte utgangspunkt i det vedtekne arbeidsprogrammet. Arbeidsprogrammet er sett inn i årsmeldinga, og til kvart delområde er det gjort greie for korleis arbeidsprogrammet er gjennomført.

Årsmeldinga for 2010 gjer eit oversyn over aktivitetane i denne perioden, og er delt opp i desse hovudbolkene: Informasjon, Formidling - utøvar og arena, Tradisjon og opplæring og Organisasjon. Innleiingsvis har årsmeldinga óg ein organisatorisk og ein administrativ del som ikkje er knytt til eit spesielt delområde i arbeidsprogrammet.

I sjølve innleiinga til Årsmeldinga skriv ein elles at arbeidsåret har vore prega av prosessen med å etablere den nye organisasjonen.

- To organisasjonar har slutta seg saman, og mykje arbeid har gått med til å etablere rutinar og liknande. Det har også vore store endringar i administrasjonen, der fleire har slutta og mangeårig leiar i LFS, Magnar Sundt, gjekk bort tidleg i meldingsåret.

- Nye folk har kome inn, og desse treng tid til å kome inn i organisasjonen og oppgåvene, heiter det.

FolkOrg hadde 4613 medlemmer pr. 31.12.2010. Av desse var 632 born / ungdom (t.o.m 18 år. I same periode hadde organisasjonen 148 lokale medlemslag, samt 10 fylkes- /regionlag.

- Eg trur årsmeldinga gjev eit godt bilete av dei mange aktivitetane i året som har gått, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.

- Det ligg sjølvsagt mykje utfordringar i det å skipe ein ny organisasjon, men eg føler at vi har fått til mykje i 2010. No gler vi oss til det vidare arbeidet, og ser fram til årsmøtet på Røros.

Linda Dyrnes og Maria Høgetveit Berg i FolkOrg, 2011

 

Vi oppmodar gjerne alle interesserte om å lese årsmeldinga. Heile meldinga er på 16 sider, og er også rikt illustrert med mange bilete. Du finn ein PDF-versjon for nett ved å gå hit. Om du heller vil ha ein utskriftsversjon for papir, er det berre å trykke her. (dobbeltsidig)